Livisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Livisk
(līvõ kēļ)
Klassifisering: Uralsk
 Finsk-ugrisk
  Finske språk
   Livisk
Bruk
Tala i: Latvia
Område: Livland
Livisktalande i alt: 150-1.500
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: ikkje skriftfesta
Offisiell status
Offisielt språk i: -
Normert av: ingen
Språkkodar
ISO 639-3: liv

Livisk er eit utdøydd språk, som vart snakka i Latvia. Det høyrer til den finske greina av dei finsk-ugriske språka, og er i slekt med finsk og estisk, men ikkje med latvisk, som er eit indoeuropeisk språk.

Etter den andre verdskrigen er språket blitt mindre og mindre brukt. Austlivisk er nå utdøydd, og vestlivisk er sannsynlegvis i ferd med å bli det. Talet på dei som kan snakka språket er mellom 150 og 1.500, men eit fåtal av desse bruker språket dagleg. Ethnologue rapporterer at 35 menneske snakkar språket, og berre ti av dei flytande [1]. Det er derfor eit nær utdøydd språk, og eitt av dei mest truga i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det historiske området til språket er Livlandregionen i Latvia, som ligg på Kurzemehalvøya nord for Riga. Det er blitt halde i hevd i åtte landsbyar på vestkysten. Etter den andre verdskrigen gjekk den tradisjonelle levemåten deira i oppløysing. Mange livarar flytta til Riga, og dette hemma bruken av språket.

Første gongen livisk blei prenta og gjeve ut, var i 1863, då ein gav ut matteusevangeliet på både den austre og vestre dialekten. Talet på trykksaker på livisk er berre eit par dusin. I tillegg til religiøs litteratur har ein laga kalendrar, diktsamlingar og lesebøker. Livli, eit månadstidsskrift, kom ut mellom 1931 og 1939. [2]

Den siste liviske talaren, Viktor Berthold (f. 1921), døydde 28. februar 2009, og livisk er dermed eit utdøydd språk. Det finst framleis livisktalande personar, men dei har ikkje lært språket som morsmål, eller dei har i beste fall høyrd liviskspråklege besteforeldre snakke det. Blant desse talarane finst det ei revitaliseringsrørsle, men det er for tidleg å seie om dei kan lukkast. Sjølv om livisk i dag er forsvunne, finn ein likevel spor av det i det latviske språket.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Livisk har 13 kasus, dei grammatiske nominativ, genitiv, partitiv og dativ, lokalkasusa illativ (inn i), inessiv (inni), elativ (ut av), allativ (bort til), adessiv (på, ved), ablativ (frå), og dei marginale kasusa translativ (over til) og abessiv (utan). Livisk har ikkje possessivsuffiks. Verba blir bøygd i 3 personar og 2 tal, og i 3 modi. Som i andre uralske språk er negasjonen eit verb, men livisk skil seg frå dei andre austersjøfinske språka ved at det i visse tilfelle er person- og numeruskongruens både på negasjonsverbet og på hovudverbet, Livisk er også berømt for eit fonetisk fenomen som minnar om det danske stød, jf. Wiik 1989.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kettunen, Lauri: Untersuchung über die livische Sprache. Eesti Vabariigi Tartu Ülikooli Toimetused. Bd 8,3. Tartu 1925.
  • Kettunen, Lauri: Livisches Wörterbuch : mit grammatischer Einleitung. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1938 (1999).
  • Laakso, Johanna: Rückläufiges Wörterbuch des Livischen, anhand des Livischen Wörterbuches von Lauri Kettunen. Lexica Societatis Fenno-Ugricae. Bd 5,2. Suomalais-ugrilainen seura, Helsinki 1988. ISBN 951-9403-20-5
  • Posti, Lauri: Grundzüge der livischen Lautgeschichte. Helsinki, 1942.
  • de Sivers, Fanny: Parlons live. Editions l’Harmattan, Paris 2001. ISBN 2-7475-1337-8
  • Sjögren, Johan Andreas: Livisches Wörterbuch. Livische Grammatik. Gesammelte Schriften Bd 2. Hrsg. v. F. J. Wiedemann. Imperatorskaja Akademija Nauk. Eggers, St. Petersburg 1861, 1868, Zentralantiquariat, Leipzig 1969 (Nachdr.).
  • Tveite, Tor: The case of the object in Livonian : a corpus based study. Helsinki: Helsingin yliopisto, Suomalais-ugrilainen laitos, 2004.
  • Wiik, Kalevi: Liivin katko. Turku: Turun yliopisto, 1989.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Austersjøfinske språk
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk |
livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk