Gave de Pau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gave de Pau
Gave de Pau i Orthez.
Gave de Pau i Orthez.
Utspring Pyreneane
Munning Adour
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 180 km
Middelvassføring 82 m³/s
Nedslagsfelt 5 200 km²

Gave de Pau er ei elv sørvest i Frankrike, og ei av sideelvane til Adour. Ho har fått namnet sitt frå byen Pau, og har ei lengd på 180 km. Gave de Pau har sitt utspring i Pyreneane i Cirque de Gavarnie. Elva mottar den største sideelva si, Gave d'Oloron, i Peyrehorade. Eit stykke på 10 km mellom munningen til Gave d'Oloron og fram til Gave de Pau munnar ut i Adour vert kalla Gaves Réunis (Sameint Gaves).

Gave de Pau renn gjennom følgjande departement og byar:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gave de Pau