Pau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pau
Slottet «Château de Pau» i Pau
Slottet «Château de Pau» i Pau
Byvåpenet til Pau
Byvåpenet til Pau
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Aquitaine
Pyrénées-Atlantiques
Geografi
Flatevidd
 - By

31,51 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

78 732
  2 499/km²
Koordinatar 43°18′06″N 00°22′07″EKoordinatar: 43°18′06″N 00°22′07″E
Høgd over havet 178 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.pau.fr

Pau er ein by sørvest i Frankrike. Byen er administrasjonsstad (préfecture) for det departementet Pyrénées-Atlantiques i regionen Aquitaine. I Pau vart kongane Henrik IV av Frankrike og Karl Johan av Sverige og Noreg fødd.

Université de Pau et des Pays de l'Adour (grunnlagd i 1972) ligg i byen og gjer at studentar utgjer ein god del av folketalet i byen, som er rundt 80 000.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pau var hovudstad i den tidlegare franske provinsen Béarn. Staden, som ligg på ei høgd over dalen til elva Gave de Pau, der det låg ein vadestad, kontrollerte ein lett veg inn i Pyreneane, som vart brukt for å frakte sauer til seterbeite i fjella.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var bygd festningsverk på staden på 1000-talet. Pau tyder «palisade» på oksitansk, og var sete for vicomtane i Béarn. Pau vart derfor hovudstad i Béarn i 1464. Tidleg på 1500-talet vart Château de Pau omgjort til bustad av Gaston Fébus, greve i Foix, og vart residens for kongane av Navarre, som òg var grevar av Béarn. Derfor vart Henrik IV av Frankrike (1553–1610) fødd her, sjølv om mor hans, den respektable Jeanne d'Albret, måtte reise gjennom heile Frankrike slik at son hennar kunne verte fødd i Pau. Leppene til bornet vart fukta med den lokale vinen og gnidd med kvitlauk like etter han var fødd. Kong Karl Johan av Sverige og Noreg vart òg fødd på châteauet, i 1763. Slottet vert i dag rekna som eit fransk historisk monument og inneheld ei flott samling av veggtepper.

Då Henrik IV drog bort frå Pau for å bli Konge av Frankrike sa han at han gav ikkje Béarn til Frankrike, han gav Frankrike til Béarn.

Engelskmenna oppdaga sjarmen til Pau og klima i byen før franskmenna sjølv gjorde det, og etterlet sitt preg på byen. Delvis var dette fordi Wellington etterlet ein garrison ved Pau på veg til Spania. Dei ferierande britane kom her før jernbanen, og oppretta den vakre promenaden Boulevard des Pyrenées, den første fulle golfbanen med 18 hol i Europa (oppretta i 1856-1860 og framleis i bruk), ein bane for tennissporten jeu de paume (verkeleg tennis), som seinare utvikla seg til trinquet.

Napoleon III pussa opp slottet, medan Pau la til gater av Belle Époque -arkitektur, før moten flytta seg til Biarritz. Pau er framleis eit stort senter for vintersport og riding, og er mellom anna åstad for eit vidkjend terrengritt for hest.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pau