Georg P. Rasch
Georg P. Rasch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1795 Christiania |
Død |
12. mars 1866 (71 år) |
Yrke | embetsmann, politikar |
Georg Peter Rasch (18. januar 1795–12. mars 1866) var ein norsk embets- og stortingsmann frå Christiania.
Rasch var son til ein kjøpmann. Etter han vart cand.jur. i 1815 arbeidde han i Justisdepartementet, fyrst som kopist, deretter fullmektig frå 1819, byråsjef frå 1822 og ekspedisjonssekretær frå 1825. I 1831 fekk han stillinga som justitiarius i Kristiansand stiftsoverrett. Til sist sorenskrivar i Eiker 1840-53.
Rasch møtte på Stortinget 1839, 1848 og 1851. I 1839 representerte han valkrinsen Kristiansand, på dei seinare stortinga representerte han Buskeruds amt. På alle desse tre tingsamlingane var han medlem av Lagtinget, elles var han i 1839 med i Konstitusjonskomiteen og komiteen om lovkommisjonen. Både i 1848 og 1851 var han formann i Justiskomite nr 2 og medlem i Fullmaktskomiteen, i 1851 også i Valkomiteen. Ogsi 1845 vart Rasch vald til stortingsmann frå Buskerud, men melde sjukdomsforfall. År 1839 var han medlem i ein kongeleg kommisjon om utvidinga av kyrkjer og kyrkjegardar, og 1843 i ein kommisjon om fattiglova.
Rasch døydde på eigedomen sin i Eiker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Georg P. Rasch NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv