Britiske monarkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dette er ei liste over britiske monarkar. Ulike monarkar herska over England og Skottland kvar for seg, fram til det desse landa gjekk inn i union og det sameinte kongedømet Storbritannia blei oppretta.

Lista dekker monarkar av England (med Wales frå 1536) og Skottland fram til 1707, Kongeriket Storbritannia (unionen mellom England og Skottland) 1707–1801, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland 1801–1927, og Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland frå 1927.

Frå 1328 til 1801 hadde dei engelske og seinare britiske monarkane også tittelen «konge/dronning av Frankrike». Dette blei avskaffa i Unionsloven 1800, etter at Frankrike hadde vore ein republikk i ti år.

Sjå òg herskarar av Wales.

Monarkar[endre | endre wikiteksten]

Herskarar av England Herskarar av Skottland
Namn Tid Merknader
Saksarar
Offa 757-796 Konge av Mercia. Ifølgje nokre kjelder den første som kalla seg Rex Anglorum, 'konge av engelskmennene'.
Egbert 802-839  
Ethelwulf 839-856 Son av Egbert
Ethelbald 856-860 Son av Ethelwulf
Ethelbert 860-865 Son av Ethelwulf
Ethelred I 865-871 Son av Ethelwulf
Alfred den store 871-899 Son av Ethelwulf
Edvard den eldre 899-924 Son av Alfred
Ethelweard 924 Son av Edvard
Athelstan 925-940 Son av Edvard
Edmund I 939-946 Son av Edvard
Edred 946-955 Son av Edward
Edwy 955-959 Son av Edmund
Edgar den fredelege 959-975 Son av Edmund
Edvard Martyren 975-978 Son av Edgar
Ethelred II den rådville 978-1013
1014-1016
Son av Edgar
Edmund II 1016 Son av Ethelred II
Danekongane
I ein periode kravde både saksarar og danar den engelske krona.
Svein Tjugeskjegg 1013-1014  
Knut den store 1016-1035 Son av Svein
Harald I Harefot 1035-1040 Uektefødd son av Knut den store
Hardeknut 1040-1042 Son av Knut den store
Saksisk gjenoppretting
Edvard Vedkjennaren 1042-1066 Son av Ethelred II
Harald Godwinson 1066-1066 Svoger av Edvard Vedkjennaren
Edgar Ætheling 1066-1066 Barnebarn av Edmund Jernside
Normannarkongane
Etter normannarerobringa i 1066 begynte nummereringa på nytt, etter fransk tradisjon. Dette påverkar berre kongar kalla Edvard.
Vilhelm I Erobraren 1066-1087 Hertug av Normandie
Vilhelm II Rufus 1087-1100 Son av Vilhelm Erobraren
Henrik I 1100-1135 Son av Vilhelm Erobraren
Stefan 1135-1154 Barnebarn av Vilhelm Erobraren
Huset Angevin eller Plantagenet
Namnet på kongehuset blei endra etter Matilda sitt ekteskap med Geoffrey Plantagenet.
Matilda (Keisarinne Maud) 1141 Dotter av Henrik I
Henrik II 1154-1189 Son av Matilda
Rikard I Løvehjarte 1189-1199 Son av Henrik II
Monarkar av England og Irland
I 1199 arva Johan den engelske trona, og var allereie Lord av Irland. Denne tittelen heldt ein på fram til 1542, då han blei endra til konge av Irland.
Johan utan land 1199-1216 Son av Henrik II
Henrik III 1216-1272 Son av Johan
Edvard I 1272-1307 Son av Henrik III
Edvard II 1307-1327 Son av Edvard I
Edvard III 1327-1377 Son av Edvard II
Richard II 1377-1399 Barnebarn til Edvard III
Huset Lancaster
Henry Bolingbroke avsette Richard II, og kongehuset fekk namn etter tittelen til far hans, hertug av Lancaster.
Henrik IV 1399-1413 Barnebarn til Edvard III
Henrik V 1413-1422 Son av Henrik IV
Henrik VI 1422-1461 Son av Henrik V
Huset York
Etter rosekrigane tok yorkistane makta etter å ha slått Huset Lancaster.
Edvard IV 1461-1483 Tippoldebarn av Edvard III
Edvard V 1483 Son av Edvard IV
Richard III 1483-1485 Bror av Edward IV
Huset Tudor
Huset Tudor, som nedstamma frå Huset Lancaster, tok trona frå yorkistane.
Henrik VII 1485-1509 Tippoldebarn av Edvard III
Henrik VIII 1509-1547 Son av Henrik VII
Edvard VI 1547-1553 Son av Henrik VIII
Lady Jane Grey 1553 Oldebarn av Henry VII
Maria I 1553-1558 Dotter av Henrik VIII
Elisabeth I 1558-1603 Dotter av Henrik VIII
Namn Tid Merknader
Huset Alpin
Kenneth I 843-858  
Donald I 858-862 Bror av Kenneth I
Konstantin I 862-877 Son av Kenneth I
Aedh 877-878 Son av Kenneth I
Eochaid 878-889 Aedh sin nevø
Samkonge med Giric
Giric 878-889 Aedh sin fetter
Samkonge med Eochaid
Donald II 889-900 Son av Konstantin I
Konstantin II 900-943 Son av Aedh
Malcolm I 943-954 Son av Donald II
Indulf 954-962 Son av Konstantin II
Dubh 962-966 Son av Malcolm I
Culen 966-971 Son av Indulf
Kenneth II 971-995 Son av Malcolm I
Konstantin III 995-997 Son av Culen
Kenneth III 997-1005 Son av Dubh
Malcolm II 1005-1034 Son av Kenneth II
Duncan I 1034-1040 Barnebarn av Malcolm II
Macbeth 1040-1057 Barnebarn av Malcolm II
Lulach 1057-1058 Barnebarn av Kenneth III
Huset Dunkeld
Malcolm III 1058-1093 Son av Duncan I
Donald III 1093-1094
1094-1097
Son av Duncan I
Duncan II 1094 Son av Malcolm III
Edgar 1097-1107 Son av Malcolm III
Aleksander I 1107-1124 Son av Malcolm III
David I 1124-1153 Son av Malcolm III
Malcolm IV 1153-1165 Barnebarn av David I
Vilhelm I 1165-1214 Barnebarn av David I
Aleksander II 1214-1249 Son av Vilhelm I
Aleksander III 1249-1286 Son av Aleksander II
Margaret 1286-1290 Barnebarn av Aleksander III
Huset Balliol
Då Margaret døydde var det ingen openberr arving. Kong Edvard I av England tok over og sette inn John Balliol som regent.
Johan Balliol 1292-1296 Tipp-tippoldebarn av David I
Huset Bruce
Då John Balliol gjorde opprør braut Den skotske sjølvstendekrigen ut, og Robert the Bruce blei til slutt konge.
Robert I 1306-1329 Tipp-tipp-tippoldebarn av David I
David II 1329-1371 Son av Robert I
Huset Balliol
I en periode kravde både Edward Balliol og David II trona.
Edvard Balliol 1332-1338 Son av Johan Balliol
Huset Stuart (Stewart)
Maria I endra stavemåten for huset Stewart til Stuart, ettersom ein ikkje brukte bokstaven w på fransk.
Robert II 1371-1390 Barnebarn av Robert I
Robert III 1390-1406 Soneson av Robert II
Jakob I 1406-1437 Soneson av Robert III
Jakob II 1437-1460 Son av Jakob I
Jakob III 1460-1488 Son av Jakob II
Jakob IV 1488-1513 Son av Jakob III
Jakob V 1513-1542 Son av Jakob IV
Maria I 1542-1567 Dotter av Jakob V
Jakob VI 1567-1625 Son av Maria I
Monarkar av England, Skottland og Irland
I 1603 arva Jakob VI av Skottland den engelske trona etter Elisabeth I sin død. Fram til 1707 hadde landa sams monark.
Huset Stuart
Namn Tid Merknader
Jakob I (England)
Jakob VI (Skottland)
1603-1625 Tippoldebarn av Henrik VII av England
Son av Maria av Skottland
Karl I 1625-1649 Son av Jakob I
Samveldet og Protektoratet
Mellom 1649 og 1660 var det ingen monark. Nasjonen blei styrt av ein Lord Protector.
Namn Tid Merknader
Oliver Cromwell 1653-1658  
Richard Cromwell 1658-1659 Son av Oliver Cromwell
Monarkar av England, Skottland og Irland
I 1659 gjekk Richard Cromwell av. Fram til Huset Stuart blei gjeninnsett i 1660 var det eit interregnum.
Huset Stuart
Namn Tid Merknader
Karl II 1660-1685 Son av Karl I
Jakob II (England)
Jakob VII (Skottland)
1685-1689 Son av Karl I
Maria II 1689-1694 Dotter av Jakob II
Styrte saman med ektemannen Vilhelm II
Vilhelm III (England)
Vilhelm II (Skottland)
1689-1702 Barnebarn av Karl I
Styrte saman med hustrua Maria II
Anne 1702-1707 Dotter av Jakob II
Monarker av Storbritannia og Irland
I 1707 blei England og Skottland slått saman til Storbritannia.
Huset Stuart
Namn Tid Merknader
Anne 1707-1714 Dotter av Jakob II
Huset Hannover

Som næraste protestantiske slektning til Anne fekk Sofia av Hannover rett til trona, og huset Hannover kom til makta med Georg I.

Georg I 1714-1727 Oldebarn av Jakob I
Georg II 1727-1760 Son av Georg I
Georg III 1760-1801 Barnebarn av Georg II
Monarkar av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
I 1801 bleo Storbritannia og Irland slått saman til Det sameinte kongeriket.
Namn Tid Merknader
Georg III 1801-1820 Barnebarn av Georg II
Georg IV 1820-1830 Son av Georg III
Vilhelm IV 1830-1837 Son av Georg III
Victoria 1837-1840 Barnebarn av Georg III
Huset Sachsen-Coburg-Gotha
Namnet på kongehuset blei endra på grunn av Victoria sitt ekteskap med Albert av Sachsen-Coburg-Gotha.
Victoria 1840-1901
Edvard VII 1901-1910 Son av Victoria
Georg V 1910-1917 Son av Edvard VII
Georg V1 1917-1927 Son av Edvard VII

1: Kongehuset brukte sidan 1917 namnet Windsor på grunn av anti-tyske kjensler under første verdskrigen.

Monarkar av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland
I 1922 blei Den irske fristaten sjølvstendig, og namnet til riket blei endra i 1927 for å visa dette.
Huset Sachsen-Coburg-Gotha (bruker namnet Windsor)
Namn Tid Merknader
Georg V 1927-1936 Son av Edvard VII
Edvard VIII 1936 Son av Georg V
Georg VI 1936-1952 Son av Georg V
Elisabeth II2 1952- Dotter av Georg VI

2: Elisabeth II er gift med Philip av huset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, som dermed også tronarvingen høyrer til.