Georgi Dimitrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georgi Dimitrov.
Georgi Dimitrov (til høgre) saman med Josef Stalin i Moskva i 1936.

Georgi Dimitrov Mikhailov (bulgarsk Георги Димитров Михайлов), som oftast gjekk under namnet Georgi Dimitrov (19. juni 18822. juli 1949), var leiar av kommunistpartiet i Bulgaria og skiparen av det illgjetne og frykta bulgarske tryggingspolitiet Landets tryggleik (Дарзявна Сигорнощ). Han var statsminister i Bulgaria frå 1946 til han døydde i 1949.

Dimitrov vart fødd i Radomir. I 1902 vart han medlem i Det bulgarske sosialdemokratiske partiet(BSDP). Han vart med i den fløya som kalla seg «Dei tronge sosialistane (bolsjevikane)». I 1908 vart han medlem i sentralkomiteen i partiet og i 1913 vart han vald inn i nasjonalforsamlinga.

Under første verdskrigen sat han i fengsel. I 1918 vart han fri, og eit år seinare var han med og skipa Det bulgarske kommunistpartiet (BKP). I 1923 var han ein av leiarane i den store kommunistiske oppstanden i Bulgaria. Då oppstanden vart slått ned, fór han til Moskva, der han begynte å arbeide for Den kommunistiske internasjonalen (Komintern).

I førstninga av 1930-åra verka han som Komintern-agent i Tyskland. Dei nazistiske styresmaktene i Tyskland drog i 1933 Mikhailov for retten for å ha sett i gang brannen som herja Riksdagsbygningen i Berlin natta mellom 27. og 28. februar 1933, men han vart frikjent. Medan han sat fengsla i samband med dette, lærte han seg tysk og studerte den tyske grunnlova og tyske rettsreglar for sjølv å kunne forsvare seg i retten. Etter frigivinga fór han rett til Moskva, og han vart generalsekretær for Komintern frå 1935 til organisasjonen vart nedlagd i 1943.

Etter andre verdskrigen låg Bulgaria innanfor maktsfæra til Sovjetunionen. I 1946 fór Dimitrov heim att til Bulgaria og vart statsminister og generalsekretær i kommunistpartiet. Dimitrov var med og laga den nye grunnlova for landet, ein kopi av den sovjetiske frå 1936. Dimitrov utropte i 1946 landet som «folkerepublikk», det vil seie ein kommunistisk stat. Utanrikspolitikken hans var ekstremt prosovjetisk, men Josef Stalin lika lite planane hans om ein Balkanføderasjon saman med Jugoslavia, og han fall i unåde hos den sovjetiske diktatoren. I 1949 døydde han under eit besøk i Sovjetunionen. Han vart etterfølgd av Vassil Kolarov.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georgi Dimitrov