Gerry Adams
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerry Adams (fullt namn Gerard Adams jr., irsk Gearóid Mac Ádhaimh) (fødd 6. oktober 1948) i Belfast i Nord-Irland er ein irsk politikar. Han har vore partileiar for det republikanske partiet Sinn Fein sidan 1983, og før det nestleiar frå 1978. Han er representant i det britiske parlamentet for valkrinsen West Belfast og i det regionale nordirske parlamentet.
Adams har vore aktiv i politisk arbeid sidan tidleg på 70-talet. Han var i perioden 1972-77 internert av britane. Han vart vald til det britiske parlamentet i 1983 og 1997, men nekta å ta sete fordi han ikkje ville sverja truskap til dronninga. Adams var sentral i samband med våpenkvilen til IRA i 1994, og i forhandlingane som førte fram til langfredagsavtalen i 1998.
Kjelder [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Sinn Féin - Gerry Adams offisiell profil
- Guardian Politics Ask Aristotle - Gerry Adams
- TheyWorkForYou.com - Gerry Adams MP
- The Public Whip - Gerry Adams voting record
- "Irish minister says Adams is an IRA leader" by Angelique Chrisafis, The Guardian, 21. februar 2005