Gestapo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gestapo er den vanlege nemninga ikkje berre for det tyske hemmelege statspolitiet («Geheime Staatspolizei» - oppretta i 1933), som var ei avdeling (avdeling IV) i Sipo, det tyske «Sicherheitspolizei», men er ofte nytta om heile Sipo. Men i tillegg til det politiske politiet omfatta Sipo både kriminalpolitiet (avdeling V) og utanlandsetterretninga (avdeling VI). I 1939 vart Sipo slegen saman med SD ("Sicherheitsdienst" - avdeling III i Sipo), som hadde vore ein del av det tyske nazipartiet sin organisasjon.

Oppgåvene til avdeling IV (Gestapo) var å etterforske, arrestere, fengsle og forhøyre, og alt før krigen var Gestapo frykta for sine metodar. Politifolka i Gestapo nytta normalt SS-uniformer med SD-merke. Det tyske politiet rykte inn i dei okkuperte områda kort etter at den militære okkupasjonen var eit faktum, og vart fort både hata og frykta.

I løpet av krigen vart Gestapo bygd opp til ein svært stor organisasjon, og den hadde om lag 45 000 tilsette. I Noreg var det i overkant av 850 tilsette i Sipo då krigen slutta. Sipo hadde direkte ansvar for minst 171 norske dødsfall frå januar 1942 til 1945.

I tillegg til vanleg forhøyr kunne Gestapo ta i bruk tortur. Det stod skrekk av namnet Gestapo, som folk ofte nytta om heile Sipo. Victoria Terrasse i Oslo vart kjend som «Gestapos hovedkvarter». I Bergen heldt Gestapo/Sipo til i Veiten 3, eigentleg Bergens Haandværks og Industriforenings hus, i Kristiansand i Statsarkivet (Arkivet) og i Trondheim i Misjonshotellet.

Ved rettsoppgjeret i Noreg vart 103 tilsette i Sipo dømde for krigsforbrytelsar. I tillegg vart nokre dømde for alliert rett, og mange vart utleverte til andre land og dømde der.

Etter kvart som amerikanske arkiv frå etterkrigstida vert opna, finn ein mange av dei leiande Sipo-folka att i organisasjonar underlagt CIA, t.d. var Sipo-kommandørane Ernst Weimann (i Bergen) og Oswald Poche (i Tromsø) knytte til Gehlenorganisasjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]