Giza nekropolis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Memfis med nekropolen sin - pyramidefelta frå Giza til Dahshur

Utsikt mot Giza-platået. Dei tre store pyramidane bak er frå venstre Mykerinospyramiden, Khefrenpyramiden og Kheopspyramiden.
LandEgypt
Innskriven ved UNESCOs 3. sesjon i 1979.
Referansenr. 86.
Kriterium:I, III, VI
Sjå ògVerdsarvstader i Afrika
BakgrunnsstoffMemfis med nekropolen sin - pyramidefelta frå Giza til Dahshur ved unesco.org

Giza nekropolis er eit arkeologisk område på Gizaplatået, i utkanten av Kairo i Egypt. Dette komplekset av fortidsminne omfattar dei tre pyramidekompleksa kjende som dei store pyramidane, den massive skulpturen kjend som Sfinksen, fleire gravlundar, ein arbeidarlandsby og eit industrielt kompleks. Det ligg omtrent 9 km innover i ørkenen frå den gamle byen Giza ved Nilen, rundt 25 km sørvest for Kairo sentrum. Pyramidane, som historisk sett ruva som symbola på Oldtids-Egypt i den vestlege verda, nlei popularisert i den hellenistiske perioden, då den store pyramiden vart oppført av Antipatros frå Sidon som eit av Dei sju underverka i verda. Det er utan sidestykke det eldste av dei gamle underverka og det einaste som framleis finst.

Pyramidane og Sfinksen[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto frå nord av Nildalen med pyramidane i bakgrunnen
Foto: 1938
Auguste Mariette (sitjande, heilt til venstre) og Pedro II av Brasil (sitjande, heilt til høgre) ved «Den store sfinksen» under ferda til keisaren til Giza nekropolis ved utgangen av 1871.

Pyramidane i Giza består av Kheopspyramiden, den noko mindre Khafrepyramiden nokre hundre meter mot sørvest, og den relativt audmjuke Mykerinospyramiden nokre hundre meter lenger sørvest. Sfinksen ligg på austsida av komplekset. Noverande konsensus blant egyptologane er at hovudet til Sfinksen tilhøyrer Khefren. Saman med desse store monumenta finst ei rekkje mindre kringliggande byggverk , kjent som dronningpyramidene, vegsamband og nokon dalpyramider.[1]

Kheops' pyramidekompleks[endre | endre wikiteksten]

Kheopspyramidekomplekset består av eit daltempel, no gravlagt under landsbyen Nazlet el-Samman, basaltkledde stiar og kaksteinsmurer har vorte funne, men området har ikkje blitt grave ut.[2][3] Daltempelet var kopla til ein gangveg som i stor grad blei øydelagt då ein bygde landsbyen. Gangvegen førte til Kheops sitt gravtempel, men frå dette tempelet er det berre basaltstiane som står att. Gravtempelet var igjen kopla til pyramiden til kongen, denne er forbunden til tre mindre dronningpyramider og fem båtgroper.[4] Båtgropene kunne innehalda eitt skip, og dei to gropene på sørsida av pyramiden innehalde enno intakte skip då området blei grave ut. Eit av desse skipa er blitt restaurert og er no utstilt.

Khefren pyramidekompleks[endre | endre wikiteksten]

Khefrenpyramidekomplekset består av eit daltempel (nokre gonger omtalt som Sfinkstempelet), ein gangveg, eit gravtempel og pyramiden til kongen. Daltempelet inneheldt fleire statuar av Khefren, fleire av desse blei funne i ein brønn i golvet inne i tempelet av den franske arkeologen Auguste Mariette i 1860. Andre blei funne under påfølgjande utgravingar av Sieglin (1909-1910), Junker, Reisner og Hassan. Khefrenkomplekset inneheldt fem båtgroper og ein mindre pyramide med ein serdab. Khefrenpyramiden verkar større enn den tilstøytande Kheopspyramiden i kraft av den noko høgare plasseringa og brattare stiginga si, men er i realiteten mindre i både høgd og volum.[1]

Mykerinos pyramidekompleks[endre | endre wikiteksten]

Mykerinospyramidekomplekset består av eit daltempel, ein gangveg, eit gravtempel og pyramiden til kongen. Daltempelet inneheldt fleire statuar av Mykerinos. Under det femte dynastiet blei eit mindre sidetempel lagt til daltempelet. Gravtempelet inneheldt òg fleire statuar av Mykerinos. Pyramiden til kongen har tre mindre pyramidar, dronningpyramider, i tilknyting til hovudpyramiden.[4]

Sfinksen[endre | endre wikiteksten]

Sfinksen blir datert til farao Khefren si regjeringstid.[5] Eit kapell blei plassert mellom forpotane som gjentekne gonger blei øydelagte av uvanlege omstende. Under Det nye kongedømmet innvigde Amenhotep II eit nytt tempel til Hauron - Haremakhet og denne strukturen blei òg påbygd av seinare herskarar.[4]

Dronning Khentkaus I si grav[endre | endre wikiteksten]

Khentkaus I blei gravlagd i Giza. Grava er kjend som LG 100 og G 8400 og ligg i det sentrale feltet, nær Mykerinospyramiden. Pyramidekomplekset til dronning Khentkaus I inkluderer hennar pyramide, ei båtgrop, eit daltempel og ein pyramideby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 (en) Verner, Miroslav. The Pyramids: The Mystery, Culture, and Science of Egypt's Great Monuments. Grove Press. 2001 (1997). ISBN 0-8021-3935-3
  2. Shafer, Byron E.; Dieter Arnold (2005). Temples of Ancient Egypt (på engelsk). I.B. Tauris. s. 51–52. ISBN 978-1-85043-945-5. 
  3. Arnold, Dieter; Nigel Strudwick; Helen Strudwick (2002). The encyclopaedia of ancient Egyptian architecture (på engelsk). I.B. Tauris. s. 126. ISBN 978-1-86064-465-8. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Porter, Bertha and Moss, Rosalind, Topographical Bibliography of Ancient Egyptian Hieroglyphic Texts, Statues, Reliefs and Paintings Volume III: Memphis, Part I Abu Rawash to Abusir. 2nd edition (revised and augmented by Dr Jaromir Malek, 1974. Retrieved from gizapyramids.org Arkivert 2008-10-11 ved Wayback Machine.
  5. Riddle of the Sphinx Besøkt 6. november 2010.