Gjerpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjerpen prestegard

Gjerpen er eit tidlegare herad i søraustlege Telemark, i dag ein del av Skien kommune. Dei viktigaste næringsvegane er jord- og skogbruk. Gjerpendalen med naturreservatet Børsesjø er kjent som eit av dei mest fruktbare dyrkingsområda i Noreg.

I 1964 blei Gjerpen kommune slått saman med Solum og Skien til Skien kommune, og bydelen Gjerpen utgjer i dag berre ein liten del av tidlegare Gjerpen kommune. Andre bydelar i Skien som tidlegare låg i Gjerpen kommune er Borgestad, Bøle, Gulset og Luksefjell. Den sørlegaste delen av kommunen, som består av Breidablikk, Borge og Hovenga blei, etter ein innbyggaraksjon, flytta til Porsgrunn kommune i 1968.

Gjerpen har fleire vakre helleristningsfelt. Fossum Jernverk frå 1539 er frå 1739 eigd av familien Løvenskiold. Løvenskiold-Fossum dreiv verket til 1867 og eig og driv framleis den store skogeigedomen som høyrde til jernverket på Fossum i Gjerpen. Løvenskiold-Fossum er ein av dei største skogeigarane i fylket.

Gjerpen kyrkje er ei av dei eldste kyrkjene i landet. Den er nemnd første gong rundt år 1150. Vidkun Quisling er gravlagd på Gjerpen kyrkjegard.