Glückstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glückstadt
Horisonten til Glückstadt
Byvåpenet til Glückstadt
Byvåpenet til Glückstadt
Styresmakter
Delstat
Landkreis
Schleswig-Holstein
Steinburg
Geografi
Flatevidd 22,76 km²
Innbyggjarar 11 498 (2010)
Diverse anna
Nettstad: www.glueckstadt.de
Plassering
Plassering av  Glückstadt

Glückstadt (dansk Lykstad) er ein by sør i den tyske delstaten Schleswig-Holstein. Han ligg i Holstein ved møtepunktet mellom nedre Elbe (Unterelbe) og bielva Rhin. Byen ligg rundt 36 km nordvest for Altona og 45 km nordvest for Hamburg, og er i dag del av storbyområdet Hamburg (Metropolregion Hamburg). Ved utgangen av 2010 hadde Glückstadt 11 498 innbyggjarar.

Byen blei grunnlagt som Lykstad av den danske kongen Kristian IV i 1617, som fekk myrområdet langs elva drenert. Han lova innflyttarar skattefritak og religionsfridom. Målet var å danna ein konkurrent til Hamburg, som var ein fri keisarby lengre oppe langs elva. Lykstad skulle vera ein uinntakeleg festning- og hamneby. Befestninga blei fullført i 1620. Slottet er i dag gjort om til museum. Glückstadt var del av Danmark fram til landet tapte Slesvig og Holstein i Den dansk-tyske krigen i 1864.

Glückstadt er stasjon på jernbanelinja mellom Itzehoe og Elmshorn. Han har ferjesamband over Elbe til Altendorf/Wischhafen. Byen er med i turistruta Deutsche Fährstraße og sykkelruta Elberadweg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glückstadt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]