Elbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elbe
Elbe (Labe) nær Děčín i Tsjekkia
Elbe (Labe) nær Děčín i Tsjekkia
Utspring Bílé Labe ved Krkonoše i Tsjekkia
Munning Nordsjøen i Tyskland
- Høgd 1 386 m
Land i nedslagsfelt Tsjekkia, Tyskland
Lengd 1 091 km
Middelvassføring 711 m³/s ved munningen
Nedslagsfelt 148 268 km²
Sideelvar Moldau, Ohře, Mulde, Saale, Jizera, Schwarze Elster, Havel, Elde
Renn gjennom Hamburg, Dresden, Magdeburg

Elbe (tsjekkisk Labe) er ei av dei store elvane i Sentral-Europa. Ho har utspring nordvest i Tsjekkia og renn gjennom det meste av Tyskland før ho munnar ut i Nordsjøen. Den totale lengda hennar er 1 091 km.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet tyder «elv», jamfør nordgermanske språk (skandinavisk).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elbe si kjelde ligg i ei høgd på 1 400 m i Krkonoše (på tysk Riesengebirge) nordvest i Tsjekkia. Av dei mange små elvane som skapar Elbe er den viktigaste Bílé Labe eller Kvite Elbe. Etter å ha stupt ned 35 meter i Labský vodopád, der ho renn i hop med Malé Labe, renn Elbe sørover ut av skaret. Vidare renn ho mot Pardubice, der ho brått snur vestover. Ved Kolín, om lag 43 km seinare, snur ho gradvis nordvestover.

Elbe, nær Dörnitz
Tysk kart over Elbe.

Ved landsbyen Káraný, litt ovanfor Brandýs nad Labem møter ho Jizera og ved Mělník vert vassføringa meir enn dobla av Moldau, eller Vltava, ei elv som snor seg nordvestover gjennom Böhmen. Litt lenger nede, ved Litoměřice, får vatnet i Elbe ein raudleg fargetone av Ohře. Elbe har her auka til ei 140 meter brei elv, og har grave seg gjennom ein basaltmasse i České Středohoří og danna eit djupt og smalt juv. Etter å ha kryssa den tysk-tsjekkiske grensa, og passert gjennom sandsteinskløftene i Elbe sandsteinsfjell, går elva nordvestover, ein retning ho meir eller mindre har til ho munnar ut i Nordsjøen.

Elva renn gjennom Dresden, og til slutt, etter Meissen, renn ho ut på Den nordtyske sletta der ho renn langs den tidlegare grensa til Aust-Tyskland, og er innom byane Torgau, Wittenberg, Dessau, Magdeburg, Wittenberge og Hamburg på vegen. Her tar ho imot elvane Mulde og Saale frå vest, og Schwarze Elster, Havel og Elde frå aust. Elbe renn gjennom Hamburg og Holstein, før ho munnar ut i Nordsjøen ved Cuxhaven. Nær munningen passerer ho Glückstadt, Brunsbüttel og inngangen til Kielkanalen.

Elbe er om lag 1 091 km lang.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Elbe har vore framkommeleg for kommersielle fartøy sidan 1842, og er ei viktig handelsrute så langt inn på kontinentet som til Praha. Elva er knytt til industriområda i Tyskland og Berlin via kanalar. Elbe-Lübeck-kanalen knyter Elbe til Austersjøen, og det same gjer Kielkanalen, som startar nær munningen av Elbe.

Før Tyskland vart sameint vart vasstransport i Vest-Tyskland hindra av at innlandsfarten til Hamburg måtte passere gjennom Aust-Tyskland. Elbe Seitenkanal (Elbe sidekanal) vart bygd mellom Mittellandkanal og den lågare delen av Elbe for å gjenopprette denne transportvegen. Då dei to nasjonane vart sameint byrja ein arbeidet med å utbetre og gjenopprette dei opphavlege vassvegane. Kanalbrua i Magdeburg gjer at store lasteprammar kan krysse Elbe utan å segle inn i elva. Det ofte låge vassnivået i Elbe hindrar ikkje lenger vassvegen til Berlin.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elbe vart først nedteikna av Ptolemaios som Albis (germansk språk for kvit) i Germania Magna med utspring i Asciburgis-fjella (Riesengebirge), der dei germanske Vandalii budde.

Elbe har lenge vore ein kjend del av den europeiske geografien. Romarane kjende elva som Albis, og dei prøvde berre ein gong å flytte den austlege grensa til riket sitt frå Rhinen til Elbe, og dette forsøket mislykkast i Slaget i Teutoburgskogen i å 9 evt. I mellomalderen vart elva den austlege grensa til Karl den store sitt rike. Dei framkommelege delane av elva var òg viktige for den suksessen Hanseatane oppnådde, og mykje handel skjedde på Elbe.

I 1945, då den andre verdskrigen nærma seg slutten, vart Nazi-Tyskland fanga mellom hærane til dei Allierte som storma fram frå vest, og Sovjetunionen som kom frå aust. 25. april slo dei to styrkane seg saman nær Torgau ved Elbe. Hendinga vart markert som Elbedagen. Etter krigen danna Elbe grensa mellom Aust- og Vest-Tyskland.

I følgje russiske forteljingar vart leivningane av Adolf Hitler, Eva Braun, Joseph Goebbels, Magda Goebbels og dei seks borna til Goebbels gravne opp i april 1970 då SMERSH-anlegget i Magdeburg vart overført til Aust-Tyskland. Dei vart visstnok grundig kremert og oska vart til slutt spreidd på Elbe, utan ein seremoni.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Moldau er større og lengre enn Elbe når dei renn i hop, og det er uvanleg at ei elv då ikkje ber namnet til den største elva når dei renn vidare. Årsaka til at Elbe framleis ber namnet sitt er at Moldau renn inn i Elbe i ein nesten rett vinkel, slik at ho ser ut som ei sideelv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elbe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]