Glamourfotografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modellen Michele Merkin poserer halvnaken i ei biletetaking

Glamourfotografi er ein fotografisjanger der motiva, som vanlegvis er kvinnelege, vert portretterte på ein romantisk eller seksuelt forførande måte. Motiva kan vere fullt påkledde eller halvnakne, men glamourfotografi går ikkje så langt som til å med vilje tenne sjåaren og vere pornografisk fotografi.

Glamourfotografi er generelt eit komponert bilete av eit motiv i stilleståande posisjon. Motiva i glamourfotografi er ofte profesjonelle modellar, og fotografia er vanlegvis tenkt til kommersiell bruk, deriblant masseproduserte kalendrar, pinupar og for manneblad, slik som Playboy; men amatørmotiv vert òg somme tider brukt, og somme tider er fotografia berre tenkt til privat og personleg bruk. Fotografar brukar ein kombinasjon av kosmetikk, ljossetjing og luftkostteknikkar for å lage eit tiltalande bilete av motivet.[1][2]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Lauren Anderson, tidlegare Playboy Playmate of the Month, i ei biletetaking
Glamourmodellar poserar på den raude lauparen – Hollywood i California 9. mars 2008

På same tid som det er noko overlapping i tidsperiodane, var ikkje nemninga glamourfotografi i vanleg bruk om slikt fotografi før 1960-åra. Før det var nemninga erotisk fotografi meir brukt. Tidlege typar av den slags modellering var ofte knytt til «franske postkort», små bilete på storleik med postkort, som vart selt av gatekjøpmenn i Frankrike. På det tidlege 1900-talet vart pinupen vanleg og framstilte lett påkledde kvinner, ofte i leikelystne positurar, tilsynelatande overraska av sjåaren. Motivet hadde vanlegvis eit uttrykk av glede som såg ut til å invitere sjåaren til å verte med på leiken. Betty Grable var ein av tidenes mest berømte pinupmodellar; hennar pinup i ei badedrakt var svært omtykt blant soldatar under andre verdskrigen.

I desember 1953 var Marilyn Monroe avbilda i den fyrste utgåva av magasinet Playboy. Bettie Page var Playmate of the Month i januar 1955. Playboy var det fyrste magasinet som presenterte nakenglamourfotografi med generelle forbrukarar som mål.

Den britiske Queen of Curves i 1950-åra og tidlege sekstiår var Pamela Green. Harrison Marks byrja, på oppmoding frå Green, med glamourfotografi og saman i 1957 publiserte dei pinupmagasinet Kamera. I England er no den tidlegaste bruken av ordet «glamour» som ein evfemisme for nakenmodellering eller -fotografi, tillagt Marks' materiale i 1950-åra.

Omtykte glamourmodellar i dei tidlege 1990-åra omfatta Hope Talmons og Dita Von Teese og i USA er den moderne tidsalderen representert av modellar som Heidi Van Horne og Bernie Dexter, mens ein leiande representant for sjangeren i Storbritannia var Lucy Pinder.

Magasin og filmstjerner[endre | endre wikiteksten]

Standarden for glamourfotografi har endra seg over tid, noko som speglar av endringar i sosial aksept. I de tidlege 1920-åra fotograferte USA-fotografane Ruth Harriet Louise og George Hurrell kjendisar for å herleggjere skikkelsane deira ved å nytte ljossetjingsteknikkar for å oppnå dramatiske effektar.[3] Under den andre verdskrigen var pinupbilete av lettkledde filmstjerner svært omtykt av amerikanske soldatar. Men fram til 1950-åra var bruk av glamourfotografi i reklame eller manneblad svært kontroversielt eller til og med ulovleg. Magasin med glamourfotografi vart somme tider marknadsført som «kunstmagasin» eller «helsemagasin».

Portrett[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1990-åra har glamourfotografi vorte meir og meir omtykt blant vanlege folk. Glamourportrettstudio blei opna, og tilbaud profesjonelle hår- og makeupartistar og profesjonell pynting for å la vanlege folk få «modell»-opplevinga. Desse omfattar somme tider «boudoir»-portrett men er meir vanleg i bruk av profesjonelle og elevar på den vidaregåande skulen som vil syne «sitt beste» på portretta.

Magasin[endre | endre wikiteksten]

Playboy bidrog sterkt til å endre verda av glamourfotografi som det fyrste magasinet som fokuserte på nakenmodellar og var meint for generelle forbrukarar. I desember 1953 publiserte Hugh Hefner den fyrste utgåva av Playboy med Marilyn Monroe på framsida og nakenbilete av Monroe inni. Monroes stjernestatus og sjarmerande personlegdom bidrog til å minke høglydte protestar. På spørsmål om kva ho hadde på under fotograferinga, svarte ho «radioen». Etter at Playboy braut gjennom, følgde mange andre magasin og dette bidrog sterkt til å opne marknaden for introduksjonen av glamourfotografi i det moderne samfunnet. I dag er det nakenbilete av modellar i publikasjonar slik som Perfect 10, eller tabloidaviser slik som Storbritannias Page 3 i The Sun.

Nyleg, for å auke fortenesta ved å utvide moglege salsstader er mange omtykte glamourmagasin (på engelsk kjende som lad mags) med på å endre trenden. Dei vender tilbake til stilar av glamourfotografi frå år tilbake ved å syne nakne menneske i mindre grad, til fordel for menneske som er underforstått (tildekka) nakne eller topplause, slik som «handbra»-teknikken, der ei kvinne dekkjer brystvortene og areolaene med henda eller eit anna menneskes hender.[4] Eksempel omfattar magasina FHM (For Him Magazine) og Maxim, som byrja i høvesvis 1994 og 1995.

Liknande fotografisjangrar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas, Mike «Glamour shots take writer from bland to Bond», Toronto Star, Sec. B. pg. J.3, May 12, 1994 (sitert av ProQuest)
  2. Peterson, Maggie Wolff «The glamour side of photography», North Valley Business Journal, Vol.5, Issue. 11; Sec. 1. pg. 1, September 1994. (sitert av ProQuest)
  3. Mick LaSalle «Lights Up on Hollywood's Hurrell / Special focuses on the inventor of the glamour-shot style», San Francisco Chronicle, January 16, 1995
  4. «Nuts sexiest pictures». Nuts (magasin). http://www.nuts.co.uk/covergirls/issue-49-nuts-sexiest-pictures/123. Henta 2007-04-26.