Glenn Hysén
Glenn Ingvar Hysén (fødd 30. oktober 1959) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Göteborg som spelte 68 landskampar. Han var midtstoppar og ein av Sveriges beste spelarar i 1980-åra, kåra til årets spelar i 1983 og 1988.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Hysén spelte på IFK Göteborg frå 1979 til han hausten 1983 fekk kontrakt med PSV Eindhoven. Med det svenske laget vann han UEFA-cupen 1982 og vart svensk seriemeister både i 1982 og 1983. Etter ei lite vellukka tid i PSV, vende Hysén sommaren 1985 tilbake til IFK Göteborg. Her var han med om å ta laget til semifinale i europacupen hausten 1986. Våren 1987 var han med om å vinne UEFA-cupen på ny. Frå sommaren 1987 var han i to sesongar Fiorentina-spelar. Deretter gjorde han teneste i Liverpool FC i knappe tre år. I sin fyrste sesong med klubben vart han engelsk ligameister, som den fyrste frå Sverige. Frå 1992 til 1994 var han aktiv i Göteborg-klubben Gais, eit lag som rykte ned or Allsvenskan.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Hysén var midtstoppar på Sverige sitt landslag i 68 kampar. Han debuterte mot Danmark 14. mai 1981. Særleg imponerte han i ein landskamp mot England på Wembley stadion i London, ein kamp som enda 0-0. Han spelte halvskadd då Sverige rauk ut or Fotball-VM 1990 allereie etter gruppespelet, hans einaste internasjonale landslagturnering. Hysén skåra 9 landslagsmål før han deltok i sin siste landskamp i oktober 1990.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Glenn Hysén» frå Wikipedia på svensk, den 15. juni 2021.
- eu-football