Glorie i meteorologi
Glorie, òg kalla antikorona, er eit optisk fenomen som syner seg omkring skuggen til observatøren på eit tåke- eller skydekke, liknande ein halo. Ein kan sjå gloriar frå fjelltoppar og fly som farga ringar med sentrum i motsett retning av sola eller månen, og like langt under horisonten som vedkomande himmellekam står over. Fenomenet kjem av tilbakespreiing, som er ein kombinasjon av diffraksjon, refleksjon og refraksjon. Ein glorie kan minne om ein halo, men ein verkeleg glorie har fleirfarga ringar.
Vinkelstorleiken er mykje mindre enn ein regnboge, kring 5º til 20º, avhengig av dropestorleiken. Fenomenet er gjerne vanlegast å sjå frå eit fly, ring skuggen til flyet på ei sky.
Innhaldsliste |
Galleri [endre]
-
Glorie under in fottur i An Teallach i Skottland.
-
Ein tåkeboge, solglorie og eit brockenspøkelse ved Golden Gate Bridge i San Francisco.
-
Solglorie og brockenspøkelse i San Francisco.
-
Ein glorie og ei virvelgate utanfor Baja California.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Glory (optical phenomenon)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: