Good Singin', Good Playin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Good Singin', Good Playin'
Studioalbum av Grand Funk Railroad
Språk engelsk
Utgjeve 2. august 1976
Innspelt 1976
Sjanger rock, hardrock
Selskap MCA 2216
Produsent Frank Zappa
Grand Funk Railroad-kronologi 
Born to Die
(1976)
Good Singin', Good Playin' Grand Funk Lives
(1981)
Singlar frå Good Singin', Good Playin'
  1. «Can You Do It»/«1976»
    Utgjeve: Juli 1976
  2. «Just Couldn't Wait»/«Out to Get You»
    Utgjeve: Oktober 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Good Singin', Good Playin' er det siste studioalbumet til Grand Funk Railroad i 1970-åra, gjeve ut på MCA Records (MCA 2216) i 1976.

Bandet var i røynda oppløyst, men etter at Frank Zappa uttrykte interesse i å produsere eit album for dei, kom dei saman att for å prøve å spele inn eit album. Albumet vart spelt inn i 1976 for MCA Records. Zappa spelte òg sologitar på albumet, på songen «Out to Get You». Sjølv om kombinasjonen verka bisarr, sa Grand Funk-trommeslagaren Don Brewer «Heile synspunktet hans på kva rock and roll handlar om er i houvdsak det same som vårt... Hald det så enkelt som mogeleg og bruk så mykje ballar som mogeleg.»[2] Zappa sa «Alt eg gjorde var på ein dokumentar-aktig måte lage ei plate som fortel deg nøyaktig korleis dei høyrdest ut. For første gongen på plate kan ein høyre Grand Funk Railroad ... og dei er fantastisk, fan-tastisk med ein F tre gonger så stor som deg!»[2] Den første dagen dei var i studio for å leggje på ekstraspor, så valde Grand Funk å gå frå kvarandre att, og Zappa var oppe til kl. 04 om morgonen for å overtale dei om å bli.[2]

Albumet vart ikkje ein kommersiell suksess og nådde berre 52. plassen på Billboard Top 200.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Farner, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Just Couldn't Wait»3:28
2.«Can You Do It» (Richard Street/T. Gordy)3:17
3.«Pass It Around» (Farner/Don Brewer)4:59
4.«Don't Let 'Em Take Your Gun»3:40
5.«Miss My Baby»7:20
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Big Buns»0:30
7.«Out to Get You» (Brewer/Craig Frost)4:44
8.«Crossfire»4:19
9.«1976»4:20
10.«Release Your Love»3:52
11.«Goin' for the Pastor»5:24
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«Rubberneck» (Brewer)5:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mark Farner – gitar, vokal; piano på «Don't Let 'Em Take Your Gun»
  • Frank Zappa – gitar på «Out to Get You» og «Can You Do It», korvokal på «Rubberneck», produsent
  • Craig Frost – klaverinstrument, korvokal
  • Mel Schacher – bass, korvokal
  • Don Brewer – trommer, perkusjon, vokal

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1976 Billboard 200 52[4]
Canada 48[5]

Singlar

År Singel Liste Plassering
1976 "Can You Do It" Billboard Hot 100 45[6]
Canada 75

Kjelder[endre | endre wikiteksten]