Frank Zappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frank Zappa
Zappa 16011977 01 300.jpg
Zappa i Ekeberghallen i Oslo, 16. januar 1977
Verkeleg namn Frank Vincent Zappa
Fødd 21. desember 1940
Baltimore i Maryland i USA
Død 4. desember 1993 (52 år)
Los Angeles i California i USA
Instrument gitar, vokal, bass, tangentinstrument, trommer, synclavier
Sjanger Rock, jazz, klassisk, avantgarde, eksperimentell
Aktive år 1950-åra - 1993
Yrke Komponist, musikar, dirigent, produsent
Plateselskap Verve/MGM, Warner Bros., Bizarre/Straight, DiscReet, Zappa Records, Barking Pumpkin Records, Rykodisc
Kjende instrument
Gibson ES-5 Switchmaster
Gibson SG
Gibson Les Paul
Fender Stratocaster
Synclavier

Frank Vincent Zappa (21. desember 19404. desember 1993) var ein amerikansk komponist, gitarist, plateprodusent og filmregissør. I løpet av ein karriere på over 30 år skriv Zappa rock, jazz, elektronisk musikk, orkestermusikk og musique concrète. Han regisserte òg fleire filmar og musikkvideoar, og designa plateomslag. Zappa produserte sjølv nesten alle dei over 60 albuma han gav ut med bandet Mothers of Invention og som soloartist.

I tenåra fekk han smak på perkusjonsbaserte avantgarde-komponistar som Edgard Varèse og rhythm and blues-musikk frå 1950-åra. Han begynte å skrive klassisk musikk på vidaregåande skule, samstundes som han spelte trommer i eit R&B-band. Seinare begynte han å spele elektrisk gitar. Han var ein sjølvlærd komponist og artist, og dei mange musikalske inspirasjonskjeldene førte til at han skapte musikk det ofte er umogeleg å kategorisere. Debutalbumet hans i 1966 med Mothers of Invention, Freak Out!, var ein kombinasjon av vanlege rockesongar, improviserte songar og studioskapte lydbilete. På seinare album nytta han denne eksperimentelle tilnærminga uansett om songane var baserte i rock, jazz eller klassisk. Han skreiv tekstane til alle songane sine, som ofte var humoristiske syn på samfunnet og politiske prosessar, strukturar og rørsler. Han var sterkt imot vanleg utdanning og organisert religion, og var ein oppriktig og lidenskapleg talsmmann for ytringsfridom og avskaffing av sensur.

Zappa var ein særs produktiv artist. Mange av albuma hans vert rekna som essensielle i rock- og jazzhistoria, og han vart rekna som ein av dei mest originale gitaristane og komponistane på si tid. Han hadde ein viss kommersiell suksess, særleg i Europa, og det meste av karrieren sin kunne han arbeide som ein sjølvstendig artist. Zappa vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995, etter han var død, og fekk Grammy Lifetime Achievement Award i 1997.

Zappa var gift med Kathryn J. «Kay» Sherman frå 1960 til 1964. I 1967 gifta han seg med Adelaide Gail Sloatman, som han var gift med til han døydde av prostatakreft i 1993. Dei hadde fire born: Moon Unit, Dweezil, Ahmet Emuukha Rodan og Diva Thin Muffin Pigeen. Gail Zappa styrer i dag føretaket til mannen under namnet Zappa Family Trust.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frank Zappa