Goriška

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sletta der elvane Soča og Vipava renn saman.

Goriška eller Gorizia er ein tradisjonell region vest i Slovenia ved grensa til Italia. Han er ein del av den større slovenske regionen Primorska. Den største byen her er Nova Gorica. Før den den første verdskrigen vart regionen ein del av Austerrike-Ungarn og grevskapet Gorizia og Gradisca med Gorizia som hovudstad. Etter den første verdskrigen vart området annektert av Kongedømet Italia, der det var ein del av Julisk Venezia. Under det italienske fascistregimet vart området utsett for italienisering. Etter den andre verdskrigen vart dei noverande landegrensene fastsett og dei fleste slovensk-busette områda vart avstått til Jugoslavia, medan byen Gorizia og nokre av dei omliggande områda vart verande i Italia.

Regionen utgjer i dag kommunane Bovec, Kobarid, Tolmin, Cerkno, Idrija, Kanal ob Soči, Brda, Nova Gorica, Šempeter-Vrtojba, Renče-Vogrsko, Miren-Kostanjevica, Ajdovščina og Vipava. Kommunaen Komen og Sežana var òg tidlegare ein del av Goriška, men vert i dag rekna som ein del av Obalno-kraška statistiske region.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]