Gorsabrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gorsabrua

Typegangbru
Lengd53 meter
Fri høgd153 meter
Breidd1,5 meter
KryssarGuolášjohka
Materialealuminium
Kart
Gorsabrua
69°24′03″N 20°58′54″E / 69.40082°N 20.98166°E / 69.40082; 20.98166

Gorsabrua er ei fagverksbru som ligg i Kåfjord kommune i Troms. Gorsabrua blei bygd i 2011 over eit fossejuv i Sabetjohka, som er eit av dei djupaste juva i Nord-Europa. Fossejuvet strekkjer seg 4-5 kilometer langs elva Guolášjohka i Kåfjorddalen, og er 153 meter djupt der brua strekkjer seg over juvet.[1] Brua er laga av aluminium og veg 10, 5 tonn. Ho er 1,5 meter brei og det er mogeleg å gå over. Brua har eit spenn på 53 meter. Området ved brua er blitt eit populært turområde på grunn av den spektakulære plasseringa.

Byggjeprosessen[endre | endre wikiteksten]

Kåfjord kommune brukte Rintala-Eggertson Arkitektkontor i tidleg planleggingsfase for å få teikna skisse. Vidare sette dei prosjektet ut på anbud og då var det Bitschnau GmbH, Dipl.-Ing. Florian Kosche AS og Gilhardi+Hellsten Arkitekter som vann anbudsrunda. I tett samarbeid mellom produsent, ingeniør og arkitekt, blei brua utforma. Fagverksbrua blei bygd i aluminium for å løyse utfordringar knytte til oppføring, vekt for innløft og estetisk utforming.[2] Gorsabrua blei produsert i Austerrike av Bitschnau GmbH, og den blei frakta med lastebil til Kåfjorddalen. Monteringa blei gjennomført på ein parkeringsplass i nærleiken av kor brua skulle stå. For å få frakta brua opp til juvet brukte ein helikopter, og 30.06.2011. blei brua flydd inn over juvet. I dagane etterpå blei sluttmonteringa gjennomført, og brua blei opna for ferdsel 20. august 2011.[2]

Strikkhopp[endre | endre wikiteksten]

Gorsabrua er blitt eit populært område for strikkhopparar. Gorsabrua er ei av tre bruer i Noreg som ein kan hoppe strikk frå. Lyngenfjord Bungee reklamerer med at det er Europas trongaste strikkhopp.[3]

Korleis besøke Gorsabrua[endre | endre wikiteksten]

Gorsabrua ligg i Kåfjord i Nord-Troms, som er om lag to timar køyreavstand frå Tromsø. For å komme til Gorsabrua køyrer ein til Birtavarre og vidare opp Kåfjorddalen. Kåfjorddalen er om lag 7-8 kilometer lang, og ein vil etter kvart komme til ein grusveg. Ein køyrer då vidare etter grusvegen til ein parkeringsplass, som ligg på høgre side av vegen, nesten øvst oppe i dalen. Derfrå kan ein velje om ein vil gå ein 15 kilometer turveg frå ein parkeringsplass øvst oppe i Kåfjorddalen, ein tur som er ein favoritt for dei som bur i Kåfjord. Eller ein kan køyre vidare opp grusvegen i Kåfjorddalen og til stien som går til brua, derfrå tek det ca. 20 minutt å gå før ein er ved Gorsabrua. Vegen til brua er skilta på begge desse turvegane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jens Kristian Nilsen (2 august 2017), «Gangbrua over fossejuvet ved Gorsa, en spektakulær opplevelse», www.kafjord.kommune.no (på norsk), henta 6. august 2021 
  2. 2,0 2,1 KÅFJORD KOMMUNES NYE GANGBRO OVER CANYON I SABETJOHK - Kåfjord / Gáivuona, arkivert frå originalen 23. oktober 2014, henta 8. mars 2013 
  3. «Lyngenfjord Bungee», Strikkhopp.no (på norsk bokmål), henta 6. august 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]