Kåfjord kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kåfjord kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1940
Fylke Troms
Adm.senter Olderdalen
Areal 997 km²
Folketal 2 208 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-2015) Bjørn Inge Mo (Ap)
Språk

Norsk målform: Bokmål

Samisk språk: Nordsamisk

Nettstad www.kafjord.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1940.svg
Kåfjord kommune på Commons
For fjorden som kommunen har fått namn etter, sjå Kåfjorden.

Kåfjord (sam. Gáivuotna, offisielt «Kåfjord kommune», sam. «Gáivuona suohkan») er ein kommune i Troms fylke. Han grensar til Nordreisa kommune i nord og aust, Storfjord i sør, og mot Lyngen i vest. I søraust har kommunen grense til Finland.

I tillegg til administrasjonssenteret Olderdalen har kommunen tettstadane Birtavarre, Kåfjorddalen, Djupvik, Nordmannvik og Manndalen eller Olmmaivaggi, der den internasjonale urfolkskulturfestivalen Riddu Riđđu blir halden årleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kåfjord kommune vart oppretta i 1929, då han vart skilt ut frå Lyngen kommune. I 1992 vart fire gardar i grunnkrinsen Nordnes overført frå Lyngen kommune til Kåfjord kommune. 2. mai 1994 fekk kommunen offisielt tospråkleg namn, Gáivuotna - Kåfjord, då det samiske namnet vart lagt til kommunenamnet.

Folketalet i kommunen nådde toppen i 1970, då folketalet var 3362.[2] Sidan då har det vore jamn nedgang i folketalet.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Kåfjord kommune frå 1930:

1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1971[2] 1.1.1981[2] 1.1.1991[2] 1.1.2001[2] 1.1.2010[2]
2482a 2820a 3079a 3270a 3279a 3094a 2759a 2311 2207
aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Lyngen kommune fram til 1992, då det vart overført til Kåfjord kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Folkemengd i Gaivuotna - Kåfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.