Grace Aguilar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grace Aguilar (2. juni 181616. september 1847) var ein engelsk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion.

Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av sefardiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak frå barndommen av og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar døydde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fekk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som bekjenner seg til denne trua. Ho følgde opp med bøkene The Jewish Faith (1845) og The Women of Israel (1845). Mest kjend er ho likevel for romanane sine — og da særleg Home Influence (1847) og A Mother’s Recompense (utgjeve posthumt i 1850). Av andre verk kan nemnast Magic Wreath og Vale of Cedars. Helsa hennar gav etter i 1847 og ho døydde den hausten i Frankfurt am Main i Tyskland.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • 1842Spirit of Judaism
  • 1845The Jewish Faith
  • 1845The Women of Israel, or Characters and Sketches from the Holy Scriptures and Jewish History. Second edition. London, 1858. (2 v.)[1]
  • 1853Sabbath Thoughts and Sacred Communings. [red. av Sarah Aguilar.] London 1853.[2]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1847Home Influence. London, 1847. (2 v.)[3] (Hjemmets Indflydelse : en Fortælling for Mødre og Døtre. Bergen, 1898–1901 (3 b.))[4]
  • 1850A Mother’s Recompense (En moders belønning : fortælling. Bergen, 1901)[5]
  • 1851The vale of cedars, or The martyr : a story of Spain in the fifteenth century

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Encyclopædia Britannica, 1911-utgåva (PD)
  • Cousin, John William (1910): A Short Biographical Dictionary of English Literature. London : J.M. Dent & sons, 1910.
  • «Grace Aguilar» frå Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]