Grafsee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grafsee
innsjø
Land  Italia
Høgd over havet 2000 moh.
Areal 0,0196 km²
Kart
Grafsee
46°58′26″N 11°32′46″E / 46.973888888889°N 11.546111111111°E / 46.973888888889; 11.546111111111

Grafsee er ein liten innsjø nord i Italia. Han ligg over 2000 meter over havet, om lag 500 meter oppfor vatnet Hatzlacke. Ein kan nå begge innsjøane til fots langs ein sti frå Caminata.

Innsjøen får vatn frå regn og snøsmelting og vert ikkje varmare enn 11 °C, sjølv på varme sommardagar. Grafsee har mykje aure og har ingen naturlege utsig.

Namnet på innsjøen tyder «Grevesjøen» og har fått namnet etter ei segn om ein greve som ein gong vart til vatn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]