Gran Paradiso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gran Paradiso
Gran Paradiso -
Høgd over havet 4 061 moh
Ligg i/på Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Primærfaktor 1 891 m
Koordinatar 45°32′N 7°16′EKoordinatar: 45°32′N 7°16′E
Førsteklatring 4. september 1860

Gran Paradiso (fransk Grand Paradis) er det høgaste fjellet i Dei graiiske Alpane i Italia med ei høgd på 4 061 meter over havet. Det ligg nordvest i landet, nær Mont Blanc ved grensa til Frankrike, men ligg heilt innafor det italienske området. Gran Paradiso er det einaste fjellet som ligg heilt innafor Italia på over 4 000 meter.

Den høgaste toppen vart først nådd 4. september 1860 av J. J. Cowell, W. Dundas, J. Payot og J. Tairraz. I dag vert det rekna som ein relativt lett klatretur, bortsett frå dei siste 60 metrane til toppen. Klatringa startar vanlegvis frå anden Rifugio Chabod eller Rifugio Vittorio Emanuele. Sistnemnde er kalla opp etter Vittorio Emanuele II av Italy som oppretta det kongelege reservatet Gran Paradiso i 1856, som i dag er Gran Paradiso nasjonalpark.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gran Paradiso

[endre] Kjelde

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk