Grand Morin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grand Morin
Utspring Champagne
Munning Marne
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 120 km
Nedslagsfelt 1 180 km²

Grand Morin er ei 120 km lang elv i Frankrike, og ei av sideelvane til Marne frå venstre. Ho har sitt utspring nær landsbyen Lachy. Elva renn gjennom departement Marne og Seine-et-Marne. Ho renn vestover gjennom landsbyane Esternay, La Ferté-Gaucher, Coulommiers og Crécy-la-Chapelle, før ho munnar ut i Marne ved Esbly.