Seine-et-Marne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seine-et-Marne
Våpenskjoldet til Seine-et-Marne
Plassering
Plasseringa til Seine-et-Marne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 77
Region: Île-de-France
Préfecture: Melun
Sous-préfectures: Fontainebleau
Meaux
Provins
Torcy
Arrondissement: 5
Kantonar: 43
Kommunar: 514
Président du conseil général: Vincent Eblé
Statistikk
Folketal Rangering 12.
 -2005 1 260 467
Folketettleik: 213/km²
Landareal¹: 5 915 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Seine-et-Marne er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elvane Seinen og Marne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Seine-et-Marne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Île-de-France.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og dannar den austlege halvdelen av regionen (49 % av det totale arealet). Seine-et-Marne grensar til departementa Val-d'Oise, Seine-Saint-Denis, Val-de-Marne og Essonne i vest, Loiret og Yonne i sør, Aube og Marne i aust, og Aisne og Oise i nord.

Departementet har mange naturreservat, mest kjend er Brie og Gâtinais.

Dei største byane i departementet er: Chelles, Torcy, Pontault-Combault, Lagny-sur-Marne, Coulommiers, Nemours, Meaux, Melun, Montereau-Fault-Yonne, Brie-Comte-Robert, Provins, Fontainebleau i tillegg til dei «nye byane» Marne-la-Vallée og Sénart.

Det høgaste punktet i departementet er Saint-George på 215 m.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Seine-et-Marne har eit temperert klima. Den årlege nedbørsnormalen er rundt 650 mm, som er meir enn normalen for heile regionen Île-de-France (600 mm). Middeltemperaturen er om lag 3 °C i januar og 19 °C i juli.

Ein storm den 26. desember 1999 tok livet av fem menneske i Seine-et-Marne og reiv ned mange tre.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

60 % av området vert nytta til jordbruk, som er det største og viktigaste jordbruksområdet i Île-de-France. Korn og sukkerroe er dei viktigaste eksportvarene frå Seine-et-Marne. Dei andre områda som er viktigast for økonomien er raffineriet ved Grandpuits og forskingsanlegget SNECMA. Dei to nye byane er eit senter for turisme, hovudsakleg på grunn av temaparkar som Disneyland Resort Paris

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Seine-et-Marnais.

Opphavleg var Seine-et-Marne eit landleg og lett folkesett departement, men i løpet av dei siste 50 åra har innbyggjartalet vorte tredobla på grunn av den nære tilknyttinga til Paris og urbanisering. I 2004 vart folketalet estimert til 1,24 millionar innbyggjarar. Området har endra seg frå å bestå av mamge små landsbyar til å utgjere ein stor del av storbyområdet til Paris.

Tursime[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Seine-et-Marne


Flagget til Frankrike Departement i Frankrike Flagget til Frankrike

Fastlands-Frankrike:
01 Ain
02 Aisne
03 Allier
04 Alpes-de-Haute-Provence
05 Hautes-Alpes
06 Alpes-Maritimes
07 Ardèche
08 Ardennes
09 Ariège
10 Aube
11 Aude
12 Aveyron
13 Bouches-du-Rhône
14 Calvados
15 Cantal
16 Charente
17 Charente-Maritime
18 Cher
19 Corrèze
2A Corse-du-Sud
2B Haute-Corse

21 Côte-d'Or
22 Côtes-d'Armor
23 Creuse
24 Dordogne
25 Doubs
26 Drôme
27 Eure
28 Eure-et-Loir
29 Finistère
30 Gard
31 Haute-Garonne
32 Gers
33 Gironde
34 Hérault
35 Ille-et-Vilaine
36 Indre
37 Indre-et-Loire
38 Isère
39 Jura
40 Landes
41 Loir-et-Cher
42 Loire

43 Haute-Loire
44 Loire-Atlantique
45 Loiret
46 Lot
47 Lot-et-Garonne
48 Lozère
49 Maine-et-Loire
50 Manche
51 Marne
52 Haute-Marne
53 Mayenne
54 Meurthe-et-Moselle
55 Meuse
56 Morbihan
57 Moselle
58 Nièvre
59 Nord
60 Oise
61 Orne
62 Pas-de-Calais
63 Puy-de-Dôme
64 Pyrénées-Atlantiques

65 Hautes-Pyrénées
66 Pyrénées-Orientales
67 Bas-Rhin
68 Haut-Rhin
69 Rhône
70 Haute-Saône
71 Saône-et-Loire
72 Sarthe
73 Savoie
74 Haute-Savoie
75 Paris
76 Seine-Maritime
77 Seine-et-Marne
78 Yvelines
79 Deux-Sèvres
80 Somme
81 Tarn
82 Tarn-et-Garonne
83 Var
84 Vaucluse
85 Vendée
86 Vienne

87 Haute-Vienne
88 Vosges
89 Yonne
90 Territoire de Belfort
91 Essonne
92 Hauts-de-Seine
93 Seine-Saint-Denis
94 Val-de-Marne
95 Val-d'Oise

Oversjøiske departement:
971 Guadeloupe
972 Martinique
973 Guyane
974 Réunion
976 Mayotte

Collectivités d'outre mer:
975 Saint-Pierre-et-Miquelon (collectivité territoriale)
977 Saint-Barthélemy (collectivité territoriale)
978 Saint-Martin (collectivité territoriale)
986 Wallis-et-Futuna
987 Fransk Polynesia (pays d'outre-mer)
988 Nouvelle-Calédonie (collectivité sui generis)