Grevskapet Mark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grafschaft Mark
Comté de La Marck
Grevskapet Mark
Grevskap innanfor Det tysk-romerske riket

1160–1806

Våpenet til Mark

Våpen

Plasseringa til Mark
Plasseringa til Mark
Grevskapet Mark rundt 1560
Hovudstad Hamm
Styreform Grevskap
Historie
 - Grunnlagt 1160
 - Opphørte 1806
I dag ein del av Nordrhein-Westfalen (Tyskland)

Grevskapet Mark (lokalt også kalla „Die Mark“) var eit territorium i Det heilage tysk-romerske riket i den Nederrhinske-Westfalske Rikskrinsen. Det strekte seg på båe sider langs Ruhr frå Volme og Lenne, mellom Vest-Recklinghausen, den frie riksbyen Dortmund, fyrstebispedømet Münster, grevskapet Limburg, hertugdøma Westfalen og Berg, grevskapet Gimborn, Riksklosteret Werden og Riksstiftet Essen.

Grevane von der Mark høyrde i høgmellomalderen til dei mektigaste og mest viktigaste i Det heilage romerske riket. Namnet deira går tilbake til residensen Burg Mark ved landsbyen Mark, som no høyrer til byen Hamm. Namnet lever vidare i Märkischer Kreis og i den geografiske nemninga Märkisches Sauerland.