Essen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Essen
Essen pan.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Essen
Essen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

210,32 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

581 406
  2 764/km²
5 302 179 (2004)
Koordinatar 51°27′3″N 7°0′47″EKoordinatar: 51°27′3″N 7°0′47″E
Høgd over havet 116 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 45001-45359
Telefon-retningsnummer 0201, 02054
Bilnummer E
Heimeside: www.essen.de

Essen er ein by sentralt i Ruhrområdet i delstaten Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Byen har om lag 580 000 innbyggjarar, og er den 7.-8. største byen i landet. Han vart nyleg utpeikt som europeisk kulturhovudstad for 2010, og representerer heile Ruhrområdet. Essen ligg ved breidda av elva Emscher.

Tidlegare var Essen ein av dei viktigaste kol- og stålsentera i Tyskland og har utvikla ein sterk tertiærnæring for industri. Han er heimstad for 13 av dei 100 største selskapa i Tyskland. På grunn av den industrielle historia vart byen i 1958 vald som sete for eit romersk-katolsk bispedøme. Tidleg i 2003 vart universiteta i Essen og nabobyen Duisburg (begge oppretta i 1972) slått saman til Universitetet Duisburg-Essen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1500-talet og på byrjinga av 1600-talet vart det oppretta ein våpenfabrikk i Essen, noko byen kom til å identifisere seg med i hundreåra framover, og 300 år seinare stod det ved sentralstasjonen Essen - die Waffenschmiede des Reiches (rikets våpensmed) og først etter den andre verdskrigen vart dette erstatta med Essen - die Einkaufsstadt (Handelsbyen). I 1620 produserte smedane i Essen 14 000 gevær og pistolar, og byen vart strategisk viktig.

Trettiårskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under trettiårskrigen stod den protestantiske byen og den katolske abbeden mot kvarandre. I 1623 klarte Maria Clara von Spaur, Pflaum und Valör, å føre katolske spanjolar mot byen for å utføre ein motreformasjon. I 1624 vart det vedtatt ei lov for gjeninnføring av katolisismen og kyrkjegjengarane vart strengt kontrollert. I 1628 reiste byrådet sak mot dette ved Reichskammergericht. Maria måtte flykte til Kölnnederlendarar storma byen i 1629. Ho kom tilbake sommaren 1631 i lag med bayrarar under Gottfried Heinrich Graf zu Pappenheim, men måtte forlate byen igjen i september same år. Ho døydde i Köln i 1644.

Krigen gjekk hardt ut over byen med mange arrestasjonar, kidnappingar og valdtekter. Sjølv etter freden i Westfalen vart troppar verande igjen i byen fram til 9. september 1650.

Industrialisering[endre | endre wikiteksten]

Essen var i fleire hundreår ein stor produsent av våpen. Frå mindre smier til Krupp sine store våpenfabrikkar, som på bilete.

Essen og familien Krupp påverka kvarandre i mange år. Krupp kom til Essen på 1500-talet og grunnla den første støypestålsfabrikken i Tyskland i 1811, og denne skulle etter kvart gje innbyggjarane i byen inntekter, sjølv om han gjekk noko dårleg i starten. Frå 1840-talet byrja folkeveksten i Essen å auke kraftig og han vart ein storby. Kruppkonsernet sine våpenfabrikkar gjorde Essen til eit sentrum for Tyskland sin opprusting til begge verdskrigane.

Kruppfabrikkane hadde trong for arbeidskraft, noko som òg var årsaka til folkeauken i Essen. Familien Krupp sin æra slutta i 1967 då Alfried Krupp von Bohlen und Halbach og son hans Arndt von Bohlen und Halbach avstod frå å ta over konsernet. Industrialisisten Friedrich Grillo grunnla eit teater og eit operahus i 1892. Teateret heiter framleis Grillo-Theater og er i dag eit nasjonalteater. Det vart bygd i nyklassisistisk stil i sentrum av byen.

Essen etter 1945[endre | endre wikiteksten]

Aalto-Theater.

Essen vart nesten heilt utsletta under den andre verdskrigen og av det som var igjen forsvann det meste under oppbygginga og moderniseringa på 1950-talet. Av den grunn har ikkje Essen mange arkitektoniske minnesmerke å by på. Ein sjåverdig bygning er derimot operaen, som vart teikna av den finske arkitekten Alvar Aalto. I tillegg finn ein den gamle synagogen Alte Synagoge, Villa Hügel (tidlegare heim for Familien Krupp) og Margarethenhöhe.

Frå 1960-talet har Essen mista 20 % av innbyggjarane sine på grunn av fråflytting. Den tidlegare så framgangsrike gruve- og fabrikkindustrien vart lagd ned i 1960-åra. Essen har gått igjennom store omstruktureringar for å finne nye løysingar. Dei seinare åra har utflyttinga stoppa noko opp, men ein har framleis problem med folkeveksten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Essen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]