Dortmund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dortmund
Dortmund Panorama.jpg
Kallenamn
«Westfalens grøne metropol»
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Dortmund
Dortmund is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Arnsberg
Kreisfri by
Først nemnd i 880-885
Geografi
Flatevidd
 - By

280,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

585 045
  2 086/km²
Koordinatar 51°31′00″N 07°28′00″EKoordinatar: 51°31′00″N 07°28′00″E
Høgd over havet 152 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 44001-44388
Telefon-retningsnummer 0231, 02304
Bilnummer DO
Heimeside: www.dortmund.de

Dortmund er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen i Ruhr-området. Folketalet i byen er 585 045 (2007), og han er den største byen i regionen, og den sjuande største i Tyskland og den 34. største i EU.

Elva Ruhr renn gjennom byen og den vetle elva Emscher renn gjennom forstadane. Dortmund-Ems-kanalen endar ved Dortmund Hamn, som er den største kanalhamna i Europa og som knyter Dortmund til Nordsjøen.

Dortmund er kjend som «den grøne metropolen i Westfalen». Nesten halvparten av arealet består av vassvegar, skogområde, jordbruksland og grøne område med romslege parkar som Westfalenpark og Rombergpark. Dette står i kontrast til nesten hundre år med omfattande gruvedrift etter kol og stålverka innanfor bygrensa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia om Dortmund går tilbake til 880 då byen først vart nemnd i offisielle dokument som Throtmanni[1]. Han var ein liten landsby, og i 1152 kom keisar Fredrik Barbarossa til området og bygde opp att byen som hadde vorte øydelagd av brann kort tid før. Barbarossa haldt til i byen i to år, og kort tid etter voks han til ein av dei mektigaste byane i riket. På 1200-talet vart Dortmund med i Hansaen. I 1220 fekk han status som fri keisarby, og han vart då direkte underordna keisaren. Etter 1320 stod den rike handelsbyen oppført som Dorpmunde i nedskrivne kjelder. Opphavet til namnet er ukjend.

Dortmund på 1500-talet. Engravert i kopar i P. Bertius' Theatrum Geographicum.

Dortmund vart ein fri keisarby i Niederrheinisch-Westfälischer Reichskreis fram til 1802, då han vart ein eksklave i Fyrstedømet Orange-Nassau. I 1806 vart han ein del av Storhertugdømet Berg. Etter nederlaget til Napoleon Bonaparte i 1815 under napoleonskrigane vart Dortmund ein del av Preussen og provinsen Westfalen. Byen var landkreissete i Arnsberg fram til 1875, før han vart ein kreisfri by i regionen. Under industrialiseringa av Preussen vart Dortmund eit stort senter for kol, stål og ølet Dortmunder.

Under styret til Nazi-Tyskland låg Aplerbeck sjukehus i Dortmund, der ein utførte dødshjelp på fysisk og psykisk utviklingshemma personar. Som eit mål midt i Ruhr-området vart Dortmund og nabobyane bombardert av allierte fly, og etter krigen var 80 % av bygningane i Dortmund øydelagd.

I dag er byen eit senter for høgteknologisk industri, og ein av dei grønaste byane i Westfalen med store parkar og hagar som vart oppretta under gjennoppbygginga av byen etter den andre verdskrigen. I tillegg vert det kvart år her halde ein av dei mest anerkjende sjakkturneringane i verda.

Byggverk[endre | endre wikiteksten]

Florianturm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dortmund

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Referansefeil: <ref>-merke finst, men eit <references/>-merke finst ikkje