Grimsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grimsdalen er ein sidedal frå sørvest til Folldalen i kommunane Dovre og Folldal i Innlandet. Dalen utgjer i den øvre delen skiljet mellom Rondane og Dovrefjell. Gjennom Grimsdalen renn elva Grimsa, ei bielv til Folla. Her finst fleire nedlagde svovelkisgruver, og framleis store førekomstar av malm.

Dalen har vore en av dei viktigaste seterdalane i Gudbrandsdalen og har framleis fleire velbevarte setermiljø. Fylkesveg 27 mellom Atna og Folldal kryssar Grimsdalen i den nedre delen. Privat køyreveg på 50 km går mellom Folldal og Dovre gjennom dalen, passpunkt om lag 1170 m.o.h. Her ligg Grimsdalshytta (994 moh.), som er eigd av Den Norske Turistforening.

Fyrste leddet i namnet kjem av elvenavnet Grimsa, truleg ei s-avleiing av norrønt grimmr som tyder vond, fæl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Grimsdalen» i Store norske leksikon, snl.no.