Svovelkis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pyritt
2780M-pyrite1.jpg
Pyritt-krystallar på mergel frå Navajún i Rioja i Spania (storleik: 95 x 78 mm), 512 g
Generelt
Kategori Sulfidmineral
Kjemisk formel FeS2
Strunz-klassifisering 02.EB.05a
Dana-klassifisering 2.12.1.1
Krystallsymmetri Isometrisk diploidal
Romgruppe: Pa3
H-M-symbol: 2/m3
Einingscelle a = 5.417 Å, Z=4
Identifikasjon
Molekylvekt 119.98 g/mol
Farge bleik messinggul refleksjon; vert mørkare når han er matt og iriserande
Krystallform Kubisk sider, kan vere stripete, men òg ofte åttesidig og pyritoeder. Ofte samanvekst, massiv, strålande, korna, kuleforma og stalkittisk.
Krystallsystem Isometrisk
Tvilling Penetrasjon- og kontrakt tvilling
Kløyv Utydeleg på {001}; delingar på {011} og {111}
Brot Særs ujamn, stundom muslig
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 6–6.5
Glans Metallisk, funklande
Strekfarge grønaktig-svart til brunsvart
Transparens Ugjennomsiktig
Spesifikk vekt 4.95–5.10
Tettleik 4.8–5 g/cm3
Smeltbarheit 2.5–3 til ei magnetisk lita perle
Oppløyselegheit Uoppløyseleg i vatn
Andre eigenskapar paramagnetisk
Kjelder [1][2][3][4]

Svovelkis eller pyritt er eit mineral med kjemisk formel FeS2. Svovelkiskrystallar er vanlege, og finst helst som kubar (ofte med striper) eller som pentagondodekaeder, men også i andre former og kombinasjonar. Tvillingar, trillingar osb. er vanlege. Fargen er bleik messinggul, (ganske lik fargen til gull) svovelkis blir ofte forveksla med gull av mindre erfarne gullgravarar.

Fysiske eiganskapar[endre | endre wikiteksten]

Hardleik 6-6,5, altså betydeleg hardare enn chalkopyritt og gull. Svært sprø med ujamt/musleg brot og utydeleg kløyvd. Streken er svart-grøn. Ved oppvarming blir svovelkis/pyritt svakt magnetisk og utskiller SO2.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Svovelkis er det mest utbreidde sulfidet i naturen.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Svovelkis blir brukt i industriell samanheng til å produsere svovelsyre. (H2SO4)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svovelkis
  1. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, pp 285–286, ISBN 0-471-80580-7
  2. Pyrite on webmineral. Webmineral.com. Retrieved on 2011-05-25.
  3. Pyrite on. Mindat.org. Retrieved on 2011-05-25.
  4. Handbook of Mineralogi. (PDF) . Retrieved on 2011-05-25.