Grosseto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grosseto
Luftfoto av Grosseto
Luftfoto av Grosseto
Plassering
Grosseto is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Grosseto
Først nemnd i 803
Borgarmeister Emilio Bonifazi
Geografi
Flatevidd
 - By

474 46 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

80,000
  162/km²
Koordinatar 42°46′″N 11°6′″EKoordinatar: 42°46′″N 11°6′″E
Høgd over havet 10 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 58100
Telefon-retningsnummer 0564
Nettstad: www.comune.grosseto.it

Grosseto er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Grosseto i regionen Toscana og har om lag 80.000 innbyggjarar. Byen ligg 12 km frå Tyrrenhavet i området Maremma og er eit senter på sletta som elva Ombrone renn over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grosseto har spor tilbake til seinmellomalderen. Han vart først nemnd i 803 som eit len under grevane Aldobrandeschi.

Han vart viktigare med åra, hovudsakleg sidan Rusellæ og Vetulonia forfall. I 1137 vart byen erobra av tyske troppar ført av hertug Henrik X av Bayern, send av keisar Lothar III av Det tysk-romerske riket for å ta tilbake makta frå Aldobrandeschi. Eit år seinare vart sete i bispedømet Roselle flytta til Grosseto.

I 1151 svor innbyggjarane lojalitet til Siena. Aldobrandeschi-familien gav i 1222 innbyggjarane retten til å ha ein eigen podestà i lag med tre rådgjevarar og konsulane. I 1244 vart byen erobra av Siena og frå den tide delte Grosseto Siena sin skjebne. Han vart ein viktig festningsby og murane og bastionane er framleis synlege. I 1266 og 1355 prøvde dei å kome seg fri frå Siena, men begge forsøka var mislukka. Då ghibellinarar og guelfarar kjempa om makta i byen prøvde Umberto og Aldobrandino Aldobrandeschi å ta tilbake makta i Grosseto. Siena sin hær sigra og i 1259 utnemnde dei ein podestà frå sin eigen by. Grosseto kom seg igjen fri og eit år seinare kjempa dei side om side med Firenze i slaget ved Montaperti. Dei neste åra vart Grosseto, okkupert, plyndra og bannlyst av pave Clement IV, igjen frigjort under ein republikk leia av Maria Scozia Tolomei, omleira av keisar Ludvig IV (1328) og av motpave Nicholas V i 1336, før han til slutt vart underlagt Siena for godt.

Svartedauden i 1348 råka Grosseto hardt og i 1369 var det berre nokre hundre familiar att. I tillegg vart områda rundt byen plyndra, som i 1447 av Alfons V av Sicilia og i 1455 av Jacopo Piccinino.

Siena sitt styre enda i 1559Karl V gav heile hertugdømet til Cosimo I de Medici, første storhertug av Toscana. I 1574 byrja bygginga av bymurar og desse er framleis godt bevart. Den omliggande elvesletta vart drenert. Grosseto var likevel ein liten by og hadde berre 700 innbyggjarar på byrjinga av 1700-talet.

Under styret til Huset Lorrain blømde Grosseto på ny. Han vart så hovudstad i den nye provinsen Maremma.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]