Ghibellinarar og guelfarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ghibellinarar og guelfarar (ghibellinarar kalla Ghibelliniitaliensk og guelfarar kalla Welftysk og ghibellinarar Waiblingen]) var namnet på to parti som kjempa om makta i Nord- og Sentral-Italia1100- og 1200-talet. Ghibellinarane støtta keisaren av Det tysk-romerske riket, medan guelfarane støtta paven og Kyrkjestaten.

Welf var ei tysk adelsslekt som var hertugar i Bayern, og av dei mest kjende welfarane finn ein Henrik Løve. Guelfarane eller Guelfi hadde sitt opphav i Waiblingen. Under eit slag i Weinsberg i 1140 mellom desse to skal guelfarane ha nytta «Welf» som kamprop, medan styrken frå Waiblingen nytta sitt namn som kamprop. Då Fredrik Barbarossa gjekk inn i Italia for å styrke makta si der, vart tilhengjarane hans kalla ghibellini på italiensk, medan den andre sida vart guelfi.

Tendensen var at guelfarane kom frå rike handelsfamiliar, medan ghibellinarane kom frå jordbruksområda. I områda der dei lokale interessene var truga av keisaren støtta dei guelfarane, medan områda der paven var den største trugselen støtta ghibellinarane. I tillegg var det ofte slik at dei mindre byane støtta ghibellinarane om ein større by i nærleiken støtta guelfarane. Namna ghibellinarar og guelfarar vart derimot ikkje nytta i stor grad medan stridane pågjekk, og oppstod først kring 1250 i Toscana (der striden hadde opphavet sitt). Striden var mest intens i området kring Firenze.

Guelfarane slo til slutt ghibellinarane i 1289 i Campaldino og Caprona, og byrja så å kjempe mot seg sjølv. I 1300 var guelfarane i Firenze delt inn i svarte guelfarar og kvite guelfarar. Dei svarte haldt fram med å støtte paven, medan dei kvite var imot. Dante støtta mellom anna dei kvite guelfarane og reiste i eksil då dei svarte guelfarane tok over makta i Firenze.

Fordelinga i dei største italienske byane[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste ghibellinarbyane Dei viktigaste guelfarbyane Byar som skifta side
Arezzo
Cremona
Forlì
Modena
Osimo
Pisa
Pistoia
Siena
Spoleto
Todi
Bologna
Brescia
Crema
Genova
Lodi
Mantova
Orvieto
Perugia
Bergamo
Ferrara
Firenze
Lucca
Milano
Padova
Parma
Piacenza
Treviso
Verona
Vicenza