Guadalquivir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guadalquivir
Guadalquivir i Cordóba
Guadalquivir i Cordóba
Utspring Cañada de las Fuentes
- Høgd 1400 moh
Munning Cádizbukta
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 666 km
Middelvassføring 164,3 m³/s
Nedslagsfelt 57 071 km²
Renn gjennom Córdoba, Sevilla

Guadalquivir er den femte lengste elva i Spania (etter Tajo, Ebro, Duero og Guadiana) og den lengste i Andalucía. Guadalquivir er 657 kilometer lang og drenerer eit område på om lag 58 000 km². Ho spring ut i Cañada de las Fuentes i Cazorlafjella (Jaén), renn gjennom Córdoba og Sevilla og munnar ut i Cádizbukta i Atlanterhavet ved fiskelandsbyen Bonanza i Sanlúcar de Barrameda. Det myrlendte låglandet ved munningen av elva vert kalla Las Marismas. Det grensar til Doñana nasjonalpark.

Guadalquivir er den einaste store elva i Spania som kan nyttast til skipsfart. I dag er ho framkommeleg heilt opp til Sevilla, men i romartida kunne ein nå heilt til Córdoba.

Den gamle byen Tartessos var sagt å ligge ved munningen av Guadalquivir, men spor av staden er enno ikkje funne. Tartessos på baskisk språk tyder «mellom hav» (Atlanterhavet og Middelhavet).

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå det arabiske al-wādi al-kabīr (الوادي الكبير), «Den store dalen». Det fønikiske namnet på elva, Baits, og seinare Betis (eller Baetis) frå den førromerske tida, har gjeve namn til Hispania Baetica, ein romersk provins. Eit eldre keltiberisk namn var Oba (Gullelva), som har ført til at ein trur namnet på Córdoba kjem av byen ved Oba (Cart-Oba).


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]