Guden Bor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bor (norrønt Búrr eller Borr) er ein skapning i norrøn mytologi som er son av Bure, mannen som blei slikka ut av ein stein av urkua Audhumbla. Han er far til gudane Odin, Ve og Vilje. Mor deira er Bestla, dotter av Boltorn.

Bor si rolle i mytologien er uklar. Han fungerte truleg som eit nødvendig mellomledd i slektslista til Odin, og det finst ingen indikasjon på at han blei tilbeden i norrøn religion.

Bor i norrøn litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bor er nemnd éin gong i Gylfaginning i Den yngre Edda av Snorre Sturlason:

Norrøn tekst:
[Búri] gat son þann er Borr er nefndr. Hann fekk þeirar konu er Bestla er nefnd, dóttir Bölþorns jötuns, ok gátu þau þrjá sonu. Hét einn Óðinn, annarr Vili, þriði Vé.
Norsk tekst:
Han ([Bure]) fekk ein son som heitte Bor. Bor fekk til kone ei som heitte Bestla, dotter åt jotunen Boltorn. Dei fekk tre søner. Den eine heitte Odin, den andre Vile (Vilje), den tredje .[1]

I skaldedikting og Den eldre Edda blir Odin av og til nemnd som Bors son som ein fast kenning, men det blir ikkje gjeve nokon vidare informasjon om Bor. Han blir også nemnt som far til Odin i Voluspå, vers 4, under namnet Bur:

Áðr Burs synir
bjöðum um yppðu,
þeir er Miðgarð
mæran skópu.
Sól skein sunnan
á salar steina,
þá var grund gróin
grœnum lauki.[2]
før Burs søner baud
bøar seg lyfte,
dei som Midgard
mætan skapte.
Sol skein sunnan
på steinar i sal,
då grodde grunnen
med grønan lauk.[3]
Før Burs sønner
støtte landene opp,
de som mektige
Midgård skapte;
sol skinte sørfra
på salens steiner,
da grodde grunnen
med grønne vekster[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (Den yngre Edda, omsett av Erik Eggen, Det norske samlaget, 1973
  2. Vers etter Konungsbók og Hauksbók Arkivert 2012-10-03 ved Wayback Machine. ved notendur.hi.is
  3. Edda Sæmundar ved runeberg.org
  4. Steinsland & Sørensen (1999): Voluspå. Oslo: Pax Forlag. ISBN 82-530-2136-4. Side 10