Audhumbla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Audhumbla slikkar Bure ut or steinen medan mjølka renn frå spenane hennar. Illustrasjon frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet som er i Árni Magnússon-instituttetIsland si eige.

Audhumbla (òg Audhumla eller Ødhumbla) er ei ku som etter skapingsforteljinga i norrøn mytologi det fyrste vesenet som vert til. Ho vert nokre gonger kalla «urkua».

Audhumbla vart skapt av dropar frå smeltinga av isen i Ginnungagap. Ho levde av smeltande is frå Nivlheim, og slikka i seg salt ettersom isen smelta i kontakt med den varme lufta frå Muspelheim. Jotunen Yme kom til og levde av mjølk frå urkua sine store jur. Av Yme vart seinare heile verda danna.

Kua lika salt, og ho slikka difor på steinane rundt om i Ginnungagap. Ein av steinane eller saltblokkene viste seg å vera annleis enn dei andre. Fyrste dagen kua slikka på steinen kom eit menneskehår opp av steinen. Andre dagen kom eit hovud og eit andlet fram. Tredje dagen kom heile kroppen ut. Det var ein stor og ven mann som heitte Bure. Frå han stammar dei norrøne gudane, som vert kalla for æsene. Bure vart saman med Bestla far til Bor, som igjen vart far til Odin, Ve og Vilje.

Gylvaginning[endre | endre wikiteksten]

Kua er omtalt i Gylvaginning, ein del av Snorre Sturlasons Den yngre Edda, i tilknytning med Ginnungagap og Yme:

Þá mælti Gangleri: «Hvar bygði Ymir, eða við hvat lifði hann?»
<Hár svarar>: «Næst var þat þá er hrímit draup at þar varð af kýr sú er Auðhumla hét, en fjórar mjólkár runnu ór spenum hennar, ok fœddi hún Ymi.»
Þá mælti Gangleri: «Við hvat fœddisk kýrin?»
Hár svarar: «Hon sleikti hrímsteinana er saltir váru. Ok hinn fyrsta <dag> er hon sleikti steina, kom ór steininum at kveldi manns hár, annan dag manns höfuð, þriðja dag var þar allr maðr. Sá er nefndr Búri. Hann var fagr álitum, mikill ok máttigr.» [1]
Ganglere: «Kvar budde Yme? Og kva levde han av?»
Høg: «Det neste var, at då rimet draup, vart det ei ku av det. Ho heitte Audhumbla og or spenane hennar rann det fire mjølke-elvar, og med det fødde ho opp Yme.»
Ganglere: «Kva nært kua seg med?»
Høg: «Ho sleikte rimsteinane – dei var salte; og fyrste dagen som ho sleikte steinane, kom det om kvelden mannehår ut or steinen, andre dagen eit hovud, og tredje dagen heile mannen. Han er nemnd Bure, og var fager å sjå til, og stor og sterk.» [2].

Audhumbla er ikkje nemnt på nytt i Den yngre Edda, og med unntak av ein omtale i Nafnathulur opptrer namnet ikkje i nokon annan kjelde frå oldtida. Kua er likevel generelt akseptert av forskarane som ein ekte del av norrøn mytologi og er ikkje avvist som eit påfunn av Snorre Sturlason.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gylfaginning
  2. Edda, «Den yngre Edda», side 278-279. Oslo 2002.