Gullruten
Gullruten er ein årleg prisutdeling og utmerkelse for den norske TV-bransjen.
Utmerkelsen deles ut av stiftelsen Gullruten som vart oppretta av Norske Film- og TV-produsenters forening i 1998. Nominering og juryering styres av Gullrutekomiteen som består av medlemmer frå Norske film-og TV-produsenters forening og TV-kanalane TV 2, TVNorge, TV3 og NRK.
Historie [endre]
Utdelingen har røtter attende til 1984 då prisen Næringslivets Film- og Videodag vart delt ut for fyrste gong i regi av NHO. I 1994 gjekk NHO saman med ITVA om å lage ein årleg festival på Lillehammer. Det vart her delt ut prisar under namnet Gullruten og Sølvruten, hovudsakleg innan oppdrags- og reklamefilm, men også til TV-produksjonar. Utdelingen fekk sin noverande form i 1998 då dei norske TV-kanalane starta samarbeid om utdeling og Norske Film- og TV-produsenters forening oppretta stiftelsen Gullruten. Utdelingen vart flytta til Bergen og har sidan vorte delt ut i forbindelse med Nordiske mediedager. Samtidig vart prisen meir retta mot TV-mediet i staden for reklamefilmar.
Etter flyttinga til Bergen og opprettelse av stiftelse i 1998, har utdelingen kvart år vorte overført på TV 2. Det fyrste året vart utdelingen haldt i Forum Kino og leia av Nadia Hasnaoui i samarbeid med Frode Alnæs. Sidan 1999 har utdelinga vorte haldt i Grieghallen og vorte leia av Dorthe Skappel.
Prisane for reklamefilmar har etterkvart forsvunnet frå utdelinga, og Gullruten framstår i dag som ein ren TV-pris.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Gullruten» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2011.
|
|
|
|---|---|
| 1998 · 1999 · 2000 · 2001 · 2002 · 2003 · 2004 · 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 |