Grieghallen

Koordinatar: 60°23′19.979″N 5°19′41.203″E / 60.38888306°N 5.32811194°E / 60.38888306; 5.32811194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°23′19.979″N 5°19′41.203″E / 60.38888306°N 5.32811194°E / 60.38888306; 5.32811194

Grieghallen
Foto: Nina Aldin Thune
Grieghallen og Edvard Griegs plass, 4. januar 2009

Grieghallen er ein konserthall i Bergen frå 1978. Administrasjonsfløya på Grieghallen vart teke i bruk 1971. Hallen er fast øvings- og konsertlokale for Bergen Filharmoniske Orkester, og vert dessutan nytta til ei rekkje ulike konsertar, messer, møte og andre tilstellingar.

Grieghallen er namngjeve som heider til komponisten Edvard Grieg, som var fødd i Bergen og i lang tid budde her.

Grieghallen vart bygd etter teikningar av den danske arkitekten Knud Munk. Bygningen er eigd av eit aksjeselskap med Musikselskabet «Harmonien», Den Nationale Scene, Festspillene i Bergen og Bergen kommune som aksjonærar.

Konsertsalen har 1 504 sitjeplassar og ei scene på om lag 1000 rutemeter når orkestergrava vert lukka. Dessutan er det ein mindre sal med 700 sitjeplassar, 21 øvingsrom for musikarane i Bergen Filharmoniske Orkester, studio og kontrollrom for radio og TV, og to store publikumsfoajeer på til saman 2200 rutemeter, og i tillegg fleire kontor og butikkar. I 2004 vart tre spesielt godt lydisolerte øvingsrom innreia i underetasjen for rockemusikarar.

I 1996 vart Grieghallen ombygd for òg å kunne fungere som eit moderne kongress-senter, med møtelokale på i alt 4 523 rutemeter. Etter ei utviding i 2006 var det totale arealet auka til over 8 000 rutemeter med eit nybygg på 3500 rutemeter plassert under Edvard Griegs plass, plassen framføre Grieghallen, i nesten heile Grieghallens lengd, lagd for messer, fest- og kulturarrangement. Dette underjordiske bygget, kalla Dovregubbens Hall, kan romme 1500 personar. Eit underjordisk parkeringshus i to høgder for personbilar, ope for alle mot parkeringsavgift, er plassert under dette utstillings- og messearealet, med innkøyring og utkøyring i offentlege gater.

Når både konsert- og kongresslokala er fullt utnytta, har Grieghallen plass til om lag 7500 personar. Grieghallen egner seg no for ei rekkje ulike brukarar og arrangement med inntil 2000 personar samla i plenum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grieghallen med Bergen Kunstmuseum framom, 26. juni 2008

Tankar om å bygga ein konserthall i Bergen starta allereie på slutten av 1800-talet, med eit forslag lagt fram av Edvard Grieg i 1894. Ein makta ikkje å skaffa ei tomt før i 1941, då ein søknad frå 1938 om tomteoverdraging av Lars Hillesgate 3a blei innvilga av kommunen. Etter andre verdskrigen blei alle handlingar gjort under nazistyret omgjort, men då tomta blei teken tilbake, møtte dette stor motstand. I 1947 fekk «Harmonien» (forløparen til Bergen Filharmoniske Orkester) igjen kontroll over henne, og kunne gå vidare med byggeprosjektet. Prosjektet stoppa likevel opp då drivkrafta Haakon B. Wallem sjukna og døyde i 1952.

I 1963 engasjerte sivilingeniør David Lie Eide seg i arbeidet med å laga ein Grieghall. Tomta blei utvida nordover mot Nygård skule og det blei lyst ut ein nordisk arkitektkonkurranse med frist 1. februar 1965. Den danske arkitekten Knud Munk blei utpeikt som vinnar med planar teikna utan at han hadde vore i Bergen. Han klarte likevel å samla «det uensartete stoff bygningen skal romme, fastslo juryen» i «en klar arkitektonisk helhet», ifølgje juryen.[1]

Med middel både frå statleg og privat hald, også frå innsamlingsaksjonar, kunne bygginga setjast i gang. Første spadestikk blei teke i 1967, og Grieghallen AS blei skipa i 1968. Kong Olav la ned grunnsteinen ved opninga av Festspela i mai 1968. I desember 1970 kunne styret halda kranselag i råbygget til forretningsdelen av hallen. Etter dette var imidlertid kassa tom, og byggearbeidet stoppa opp i fem år.

Per Grieg kom no med i styret og tok ansvaret for finansiering. Ei ny privat innsamling, eit gunstig statsgarantert obligasjonslån og eit nytt frå Bergen Bank gav ny kapital. Sjølv om byggesummen stadig voks, blei bygget til slutt ferdigstilt.

Grieghallen lydstudio er også kjent innanfor black metal samfunnet, da fleire av dei viktigaste norske black metal albuma vart spelt inn der, med Pytten som lydtekniker.[treng kjelde]

Opning[endre | endre wikiteksten]

Grieghallen om kvelden
Foto: Svein-Magne Tunli

Grieghallen blei innvigd 23. mai 1978 med ei uroppføring av Overtura Monumentale eit bestillingsverk komponert for Musikselskabet Harmoniens Orkester av Harald Sæverud.

Dagen før innviinga tildelte kongen Ridderkrossen av St. Olavs Orden til David Lie Eide for rolla hans i å reisa bygget.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bygget og arkitekten vart heidra med arkitekturprisen Betongtavlen i 1978 og Houens fonds diplom i 2015.[2][3]

Eurovision Song Contest 1986[endre | endre wikiteksten]

Grieghallen vart av NRK vald som arrangement stad då Bergen vart vertsby for Eurovision Song Contest 1986. Dette var den fyrste Eurovision Song Contest som arrangert i Noreg, etter at Bobbysocks hadde vunne med «La det swinge» det føregåande året. Åse Kleveland var programleiar. Konkurransen vart vunnen av 13-årige Sandra Kim frå Belgia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grieghallen - fra Kongstanke til Konserthus», grieghallen.no
  2. Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net
  3. «Houens Fonds Diplom for 2015 utdelt». Arkitektnytt. Henta 30. januar 2015. 
*«Muligheter i Grieghallen» Arkivert 2014-10-06 ved Wayback Machine., grieghallen.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]