Gunnar Dybwad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Dybwad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. august 1928
Steinkjer kommune
Død

9. mai 2012 (83 år)

Idrett fotball

Gunnar Dybwad (21. august 19289. mai 2012) var ein norsk fotballspelar frå Steinkjer som spelte for Steinkjer Idretts- og fotballklubb frå 1948 til 1962. Han var ein angrepsspelar som i yngre år utmerkte seg med god teknikk, seinare òg som organisator og strateg. Dybwad spelte oftast senterløpar eller indre venstre. Han var den fyrste frå eit klubblag nord for Trondheim som fekk spele på Noregs landslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Dybwad spelte frå 1948 i landsdelsserien med Steinkjer. Vårsesongen 1951 var han innom Freidig i Trondheim. Sidan var han aktiv i Steinkjer til 1963, dei siste åra som spelande trenar og sesongane 1962 og 1963 einast på tampen av sesongen. Steinkjer-laget rykte opp i Hovudserien sommaren 1956. Etter nedrykk i 1958 tok det tre år før Steinkjer kom tilbake i toppserien. Laget kom på andreplass i 1. divisjon 1961-62, berre seriemeister SK Brann sanka fleire poeng i den lange «sesongen» med 16 lag som tevla om å kome med i den nye tiklubb-serien. Hausten 1963 enda Steinkjer sist i 1. divisjon.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1950 deltok Dybwad i ein landsdels-kamp mot Mellan-Sverige og deretter B-landskamp mot Sverige i Jönköping. Om hausten var han med i troppa då landslaget møtte Jugoslavia i Beograd. Han fekk sin landslagsdebut mot England sitt amatørlandslag den 15. mai 1951 i Middlesbrough. Dybwad spelte to til landskampar i 1951, skåra begge Noregs mål då det vart tap mot Jugoslavia. Åra frå 1953 til 1957 var han med i 22 av Noregs landskampar. Til sist fekk han to landskampar i juni 1960. I alt skåra han 11 mål på sine 27 landskampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Sølvplass i 1. divisjon: 1961/62 med Steinkjer IFK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]