Guridemninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guridemninga i Venezuela

Guridemninga demmer opp elva Caroni i delstaten Bolívar i Venezuela. Demninga inneheld vasskraftverket Central Hidroeléctrica Simón Bolívar. Ho ligg ca. 100 kilometer opp frå samanlaupet med Orinoco, i luftlinje ca. 130 km søraust frå Ciudad Bolívar og ca. 90 km sørvest frå Ciudad Guayana. I tillegg til å gje elektrisk energi gjev demninga vern mot flaumar.

Kraftstasjonen[endre | endre wikiteksten]

Det finst to maskinhallar med til saman 20 turbinar som gjev ein samla elektrisitetsproduksjon på 10 300 megawatt. Fram til ferdigstillinga av dei tre Gorgesprosjekta i Kina og bygginga av eit vasskraftverk i Turukhansk i Russland er det berre vasskraftverket Itaipu på grensa mellom Brasil og Paraguay på 14 000 megawatt som gjev større kraftproduksjon i verda. Energien frå Guri svarar til ein råoljeproduksjon på ca. 300 000 fat per dag. Over halvparten av energibruken i Venezuela kjem frå vasskraftverk og Guri gjev det meste av dette. 82 % av elektrisiteten i landet kjem frå fornybare kjelder som vasskraftverk. Det finst òg andre mindre kraftverk enn Guri rundt om i landet, dei syter for lokal forsyning av elektrisitet.

Demninga[endre | endre wikiteksten]

Konstruksjonsarbeidet har gått føre seg over tre fasar, i første fase frå 1963 til 1969 kom ein 106 meter høg dam. Andre og tredje fasar vart gjennomførte i perioden 1976 til 1986 og hovuddemninga vart no 1300 meter lang og opp til 162 meter høg gjort av betong, jord og stein. Totallengd av alle demningar er 7 000 meter. I regntida kan overlaupvatnet vere eit spektakulært syn, opp til 25 500 m³/sekund kan bli sleppt forbi kraftverket.

Innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Reservoaret, el Embalse de Guri, har ei lengd på 175 km, ei breidd på 48 km og ei overflate på 3 919 kvadratkilometer, noko som gjer han til den nest største innsjøen i Venezuela etter Maracaibosjøen. Dammen inneheld 138 milliardar kubikkmeter vatn og er med det rangert som nummer sju i verda. Vasspegelen ligg 272 moh.

Demninga førte med seg permanent overfløyming og øydelegging av nær fire tusen kvadratkilometer, dermed gjekk skog med mykje biomangfald. Mellom anna var her einaste kjente habitat for den finkeliknande tanagaren Amaurospiza carrizalensis.

Sjøen er rik på fisk og er rekna som eit paradis for sportsfiskarar og her er òg andre høve til rekreasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Guri-Stausee» på tysk Wikipedia som han var den 17. februar 2008