Maracaibosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som syner kvar Maracaibosjøen ligg

Maracaibosjøen er ei vik i Venezuela. Sett på som ein innsjø, ville sjøen vore den største innsjøen i Sør-Amerika. Eit 54 km langt sund gjev sjøen samband med Venezuelabukta, til Det karibiske havet og til Atlanterhavet. Mykje vatn kjem frå Catatumbo-elva, men fleire elvar renn ned frå Andesfjella.

Maracaibosjøen ligg ved kring 10°39' N breiddegrad og 71°36' V lengdegrad.

Mykje trafikk går til hamnebyane Maracaibo og Cabimas. General Rafael Urdaneta-brua bind saman byen Maracaibo med resten av Venezuela.

Maracaibosjøen ligg sentralt i Maracaibo-bassenget, og inneheld store ressursar av petroleum, noko som gjer området til ein viktig senter for Venezuela sin økonomi. På grunn av petroleumsverksemda er det mykje forureining i området.