Gustava Kielland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustava Kielland

Gustava Kielland (fødd Susanne Sophie Catharina Gustava Blom (6. mars 180028. februar 1889) var saman med mannen presten Gabriel Kielland ein av føregangspersonane for misjon i Noreg. Ho er elles særleg kjent for å ha skrive julesongen «O, jul med din glede».

Gustava Kielland stifta Noregs aller første kvinneforeining i Lyngdal. Den første møteprotokollen til foreininga er datert 1844.

Elles stod ho saman med mannen i spissen for varige forandringar lokalt og nasjonalt. Andre juledag 1837 vart Lyngdal Afholdsforening stifta på kyrketrappa, og det vart danna misjonsforeninger knytte til kvar av kyrkjene i soknet.

På sine gamle dagar dikterte Gustava sine Erindringer fra mitt liv, gjeve ut som manuskript for slekta i 1882. Ei ny utgåve, bearbeidd for offentlegheita, kom i 1899. Boka inneheld ei samling dikt. Det mest kjende av desse er «Liden Ekorn».

Lyngdal, staden der Gabriel og Gustava budde store delar av livet, har i dag eit eige misjonsmuseum som heidrar minnet til paret. Gustava Kielland døydde i Skien i 1889.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]