Høfde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høfde i Tyskland laga som ein rad av trepålar som går eit stykke ut i havet.

Høfde er det danske ordet for ymse typar vernekonstruksjonar som ofte er å sjå langs kysten av Danmark (og fleire andre stader langs Nordsjøen og i store elvar på kontinentet) der det trengst åtgjerder for å hindre bølgjer og straum langsetter stranda frå å grava ut sand og grus.

Kunstige utbygningar i elva Ruhr mellom Hattingen og Bochum i Tyskland skal motverke den erosjonen av elvebreidda som straumen i elva gjer.

Høfden er ei rad av grove trepålar, stein- eller betongblokkar utover i vatnet vinkelrett på stranda, og verker ved at sanden som straumen eller bølgjene transporterer, vert liggjande på lo side av høfden, «framsida», og soleis skapar ei breiare strandsone på denne sida. Men høfden har den ulempa at det vert ei større utgraving på le side, «baksida», slik at problemet med utgravinga, erosjonen, av strandsona ofte berre vert flytt til eit anna område.

Danmarks lengste høfde er om lag 800 meter lang og ligg ut frå Agger Tange, nord for innseglinga til Thyborøn Kanal.

Omsetjing til norsk[endre | endre wikiteksten]

Høfde, og tilsvarande ord på andre språk, vert ofte omsett til norsk som bølgjebrytar. Dette kan vere rett i somme høve. Men sett på bakgrunn av funksjonane, utformingane og plasseringane av desse innretningane, og samanhalde med det som ein på norsk vanlegvis meiner med ein bølgjebrytar, er ei slik omsetjing eigentleg ikkje generelt dekkjande.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Høfde