Høydalsmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høydalsmo (Telemark)
Høydalsmo
Plasseringa til Høydalsmo

Høydalsmo er ein tettstad i Tokke kommune i Telemark fylke. Staden ligg ved E134, og Fv. 45 startar her og går vidare til Dalen og vidare til Setesdal. På Høydalsmo er Høydalsmo skule, ein kombinert barne- og ungdomsskule med skulefritidsordning og om lag 85 elevar. I samband med skulen er det samfunnshus og fotballbane.

Høydalsmo har eit aktivt idrottslag, Høydalsmo IL, som har vore vertskap for fleire store arrangement. Idrottslaget har lagt tilhøva godt til rette for langrenn på ski.

På Høydalsmo vegkro stoppar over 100 lastebilar kvar dag på veg mellom Haugesund og Oslo. I 2007 vart det derfor etablert ein bibliotekfilial der sjåførar kan låne lyd- og vanlege bøker til kjøreturen.

Ein person frå Høydalsmo vert i Vest-Telemark kalla for ein "høysekk".[1]

[endre] Sjå òg

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Referansar

  1. Heilt rått! Vest-Telemark Blad. Vitja 3. august 2010.

Koordinatar: 59°30′4.1″N 8°11′9.5″E

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk