Haboob

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haboob flyttar seg over Llano Estacado mot Yellow House Canyon nær Ransom Canyon i Texas.

Ein haboob (arabisk هَبوب, «sterk vind») er ein kraftig sandstorm, som ein ofte kan sjå i tørre område rundt om i verda. Haboob er observert i Sahara (typisk Sudan), samt på Den arabiske halvøya, i Kuwait og dei tørraste områda av Irak.[1] Den afrikanske habooben kjem når den intertropiske konvergenssona flyttar seg nordover om sommaren mot Nord-Afrika og fører fukt med seg frå Guineabukta. Habooben i Midtausten vert ofte skapt av torevêr i oppløysing. Ørkenane i Sentral-Australia, særleg nær Alice Springs er særleg utsett for haboob med sand og støv som vert ført fleire kilometer opp i lufta og kan dekke store område med tjukke sandlag. Dei tørre og halvtørre områda i Nord-Amerika kan òg få haboobhendignar. I USA kan ein ofte sjå haboob i ørkenar i Arizona.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sutton, L.J. 1925. Haboobs. Quarterly Journal of the Royal Meteorological Society 51:25–25.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haboob