Latent varme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Latent varme er varmemengda som må til for at eit stoff skal gjennomgå ein faseendring (endre aggregattilstand). Konseptet blei først nemnt rundt 1750 av Joseph Black. Ein har to typar latent varme. Ein er latent varme ved smelting og den andre latent varme ved fordamping, og skildrar kva veg varmen strøymer frå ein fase til den neste:

fast stoff → væske → gass.

Energiendringa er endotermisk når eit stoff går frå fast stoff til væske til gass, og eksotermisk når endringa går i motsett retning.

Latent varme og faseendringstemperaturar for nokre væsker og gassar
Stoff Latent varme
smelting
J/g
Smelte-
temperatur
°C
Latent varme
fordamping
J/g
Koke-
temperatur
°C
Etanol (alkohol) 108 -114 855 78.3
Ammoniakk 339 -75 1369 -33.34
Karbondioksid 184 -57 574 -78
Helium 21 -268.93
Hydrogen 58 -259 455 -253
Nitrogen 25.7 -210 200 -196
Oksygen 13.9 -219 213 -183
Metylbenzen -93 351 110.6
Terpentin 293
Vatn 335 0 2272 100

Når eit vassmolekyl fordampar frå ei vassflate og inn i atmosfæren, blir varme overført via vassmolekylet til ein luftpakke med lågare temperatur. Ein må ha energi for å fordampe vatn til vassdamp, og vassmolekyla i vassdampen held på denne energien som indre energi. Denne «lagra» energien vert kalla latent varme, og når vassdamp går over til vatn (kondensasjon) eller is (deposisjon) vert demme energien frigjeve som merkande varme på flata der kondenseringa (eller deposisjonen) har skjedd.

Latent varmefluks[endre | endre wikiteksten]

Latent varmefluks er varmefluksen frå jordoverflata til atmosfæren i samband med fordamping av vatn, og kondensasjon av vassdamp i troposfæren. Det er ein viktig komponent i Jorda sitt energibudsjett for overflata. Latent varmefluks blir vanlegvis målt med å bruke bowenforholdsteknikken eller via kvervlingskovarians, som er ein statistisk reiskap for å analysere atmosfæriske storleikar som svingar raskt med tida (høgfrekvent dataserie), og gjev fluksverdiar for desse storleikane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]