Haldor Virik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haldor Virik
Fødd3. juli 1880
Død17. august 1958 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Haldor Virik (3. juli 188017. august 1958) var ein norsk skipsreiar og politikar frå Sandar i Vestfold. Han representerte Frisinna VenstreStortinget 1922-24, vald frå Vestfold fylke.

Bondesonen Virik utdanna seg til forretningslivet, arbeidde utanlands i fleire år. I 1907 byrja han som meklar heime i Sandar, tre år seinare grunnla han sitt eige reiarlag. Allereie før 1914 disponerte han ein stor kvalfangarflåte. Frå 1920-åra vart han meir og meir reiar innom skipsfart.

Tingperioden 1922-24 var han stortingsmann frå Vestfold. På Tinget var han medlem i Næringskomite nr 1. Han var også aktiv i lokal samfunnsstyring, såleis formannskapsmedlem 1920-25 i Sandar, ordførar i heradet 1938-40 og 1945-47. I tillegg var han formann i «en rekke kommunale komiteer»[treng kjelde] og med styreverv i private verksemder. Etter Frisinna Venstre gjekk i oppløysing, sokna han til partiet Høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]