Hallingdalselve
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallingdalselve eller Storåne er hovudelva i Hallingdalsvassdraget med ei lengde på 220 km. Elva har utspringet sitt på Hardangervidda, og renn gjennom Hallingdal og ut i Krøderen. Ovafor Kleivi er elva danna av to mindre elver, Usta og Hovselva. Elva er regulert fleire stader, mellom anna i Ål nedanfor Strandafjorden.