Hamlet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Detalj frå Daniel Maclise sitt måleri frå 1842 The Play-scene in Hamlet.

Hamlet er eit skodespel av dramatikaren og skodespelaren William Shakespeare. Det vart skrive mellom 1598 og 1602, og vart trykt fyrste gong i 1603. Hamlet er eit av Shakespeares mest vidgjetne og oppførde stykke. Det svært kjende sitatet «Vera hell ikkje vera – det er saki» ('To be, or not to be, that is the question') kjem herifrå. Sjølve kjernen i historia stammar frå Saxo Grammaticus. I verket Gesta danorum, skildra Saxo myten om prins Amletus, eller Amleth. Shakespeare la denne historia til Elsinore, dvs. Helsingør. Kronborg slott vert difor ofte av turistar kalla «Hamlet's Castle».

Handlingsreferat[endre | endre wikiteksten]

Dramaet handlar om den danske prinsen Hamlet som er komen heim frå eit opphald i Tyskland. Han kom for å sørgje over far sin, kongen av Danmark, som døydde brått. Vel heime blir Hamlet oppsøkt av eit skrømt som gjev seg ut for å vera nett kongen. Det fortel at kongen vart drepen av bror sin, Claudius, som gifta seg med Gertrude, mor åt Hamlet ikkje lengje etter kongen vart gravlagd. Motivet åt Claudius tykkjest å vera makt, og Hamlet sver å hemne far sin. Gjennom stykket viser det seg at Hamlet er ein reflekterande meir enn ein valdeleg person, og handlinga blir drive framover av hovudpersonen sin indre strid. Etter tallause moralske og vondskapsfulle forviklingar, endar dramaet med tragedie og død for dei fleste involverte.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Hamlet ved Wikisource (en).

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hamlet
  • HyperHamlet - research project at the University of Basel (English)