Tragedie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scene frå tragedien Richard III av Shakespeare. Måleri av William Hogarth.

Tragedie (gamalgresk, av trag-oideia, 'bukkesong') er nemninga på ein hovudsjanger innanfor teater og film.

Ein tragedie er ein sjanger i teatret som stammar frå den greske antikken. Tragedien kan seiest å ha eit tragisk utfall, ser ein tragedien i motsetnad til komedien. Den greske tragedie vert kjenneteikna av ei stram oppbygging og ein tydeleg helt. Den tragiske helten gjennomgår ei utvikling gjennom skodespelet. Som oftast går han eller ho frå lukke til ulukke. Korleis tragedien i antikken burde vere oppbygd vart stadfesta av Aristoteles i verket Poetikken. I seinare tid har tragedien utvikla seg, kjende dramatikarar som Racine, Shakespeare, Ibsen og Sarah Kane byggjer delar av skodespela sine rundt den klassiske tragedie-forma.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Tragedien som teatertype oppstod som ein leik i høgtidinga og festane til ære for guden Dionysos i det gamle Hellas. Dionysosfestane var ofte prega av alkohol og anna rus. Her vart det framført soger om gudar og heltar, og mange av dei handla om menneskeleg overmot eller hybris. I møte med gudane gjekk det oftast gale med menneska, og difor vart utgangen av soga heller tragisk. Desse framsyningane vart laga med ein forteljar og eit kor, og slik meiner forskarane at teateret vart til, då ein skodespelar fekk ein motspelar i tillegg til koret.

Den første forfattaren av tragediar vi kjenner var Aischylos. Forma vart finslipa av Sofokles og Euripides. Tragedietradisjonen vart vidareført av romerske forfattarar som Terents og Seneca. I nyare tid vert William Shakespeare rekna som den fremste tragedieforfattaren.

Form[endre | endre wikiteksten]

Aristoteles nytta Sofokles sitt verk Kong Ødipus som døme på den mest fullkomne tragedien i verket Poetikken. Han fastsette følgjande reglar for ein god tragedie:

  • Einskap i stad, tid og rom.
  • Fast forteljarramme og fem aktar.

Dei fem aktene kallast oftast med særskilde namn:

1. Eksposisjon, der handlinga og personane vert presenterte. 2. Stigning, der utviklinga vert openberra og fastsett. 3. Vendepunkt, der helten gjer eit tragisk mistak, bodet ikkje når fram eller anna. 4. Fall, der lagnaden vert uavvendeleg, og 5. Katastrofe, der alt går gale for helten eller heltinna.

Denne ramma var så fast at dei fleste skodespel opp i nyare tid følgde lesten. Dette vart særs synleg i den franske klassisismen. Utover på 1700-talet vart denne forma òg parodiert, mellom andre av Johan Herman Wessel i skodespelet Kjærlighed uden strømper.

Aristoteles la òg vekt på at tragedien hadde eit reinskingsperspektiv, kalla Katharsis. Dette tyder at tilskodarane skulle leva seg inn i det vonde som hende på scena, slik at dei på eit vis vart reinska av krisa til helten. Soleis er det eit samfunnspsykologisk perspektiv ved tragedien som forteljarform.

Den grunnleggjande forma har vore så grei å nytte at mange nyare fjernsynnseriar har ho som fast lest. Ein einskildepisode er stort sett bygd opp over fem aktar på ti minutt kvar, etter same mønster. Komedien følgjer stort sett same lesten, men med motsett slutt.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.