Hans Hagerup Krag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Hagerup Krag

Hans Hagerup Krag (9. august 18298. mai 1907) var ein offiser, vegingeniør, vegdirektør i Noreg 1874-1904. Hans Peter Krag var far hans.

Krag var fødd i Grong. Han gjekk krigsskulen og var artillerioffiser i 1850. Frå 1853 var han vegingeniør i state, og stakk i 1857 ut ruta for Geirangervegen. Krag var kontorsjef i vegdirektoratet frå 1866, sjølv vegdirektør 1874-1904. Han var ein framsynt mann som gjorde særs mykje for samferdsla i Noreg. Mellom anna var han sentral ved etableringa av Haukelivegen mellom Telemark og Odda, ved Strynefjellsvegen i 1894, og lanserte i 1896 planane for Sognefjellsvegen. Han var sentral også då dedet vart bygt veg til Holmenkollen og Voksenkollen, samstundes som ein sikra friareal for folket i Oslo by.

Krag var fleire gonger på studieferder i utlandet. Han var mykje i Sveits og forstod tidleg at Noreg hadde ei framtid som mål for turistar. I 1868 var Krag med å skipa Den Norske Turistforening, æresmedlem 1897, og var elles oppteken av å fremje friluftslivet.

Krag døydde 1907 i Kristiania.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok VII. 1956